Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Første båtruta på Todalsfjorden sia dampen

Første båtruta på Todalsfjorden sia dampen

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. august 2013

Fredag kl 12 var første avgang for skyssbåten frå Todalen til Kvanne. Det er mesta som å skru tida attende til 1950-talet da «dampen» gikk i rute frå Kristiansund og intil endestasjonen som var Nessakaia på Todalsøra i Todalen. Den frakta med seg alle varer inn til Todalen, og frakta med seg varer som skulle «ut i verden» frå Todalen. Denne turen var premiere for skyssbåten som skal gå mellom Todalen og Kvanne i tida framover.

Rask handling frå kriseleiinga har gjort at vi alt etter 2 døgn har skyssbåt på plass, og som trafikkerer strekninga mellom Todalen og Kvanne med 7 turar kvar dag, og med anløp i Svinvika. Det er hurtigbåten Tollesund frå reiarlaget Tollesund AS som vil trafikkere strekninga inntil vidare. Skipper Per Losnegård og matros Yngve Lien, saman med ein maskinist er komne til Todalen på ubestemt tid.

Alt på første turen var det bra med folk som skulle ut frå Todalen i eit eller anna ærende, eller som skulle reise heim for å strarte på arbeid uten å få med seg bilen heimatt. På turen innat frå Kvanne var det på same måte folk som kom att frå ferie eller som skulle til Todalen i eit eller anna ærende, uten å få med seg bilen.

Med på turen var også Lisbet Halle (98). Ho skulle til Surnadal Sjukeheim , og hadde fått avlastningplass der så lenge vegen inn til Todalen var stengt.  For Lisbet var det just ikkje første turen med båt ut frå Todalen. Ho er fødd i 1915, og bruka jamnleg dampen når ho skulle ut av bygda i eit eller anna ærend, frm til det vart busstrafikk eller dampen slutta å gå inn fjordane på midten av 1950-talet. Skulle ho til tannlege Selmer i Kristiansund (det var ikkje tannlege i Surnadal på den tida) så tok det minst 3 dagar. Ein dag utover, ein dag hos tannlegen og ein dag heimat igjen. Minst to overnattingar vart det, helt hos kjentfolk som ho hadde i Kristiansund.

No var ho altså på tur til Surnadal sjukeheim på avlastning medan vegen er stengt, og det såg ho ikkje mørkt på sjølv om ho trudde det ville ta litt tid før vegen vart opna igjen. Ho hadde vore på sjukeheimen på avlastning før, og var godt kjent der og hadde fleire kjenningar å treffe att.

Med på turen var også Inger Grytskog frå heimetenesta i Surnadal kommune. Ho hadde vore i Todalen på jobb for heimesjukepleien, og hadde no vaktskifte og skulle heim og få litt kvile før ny økt neste dag. 

På framsida til Todalen.no vil du alltid finne oppdatert rutetid for skyssbåtruta mellom Todalen og Kvanne. Når båten ikkje er i trafikk vil den ligge til kai i Todalen av beredskapshensyn.

Bildegalleriet nedafor er frå «premierecruiset» som gikk frå Todalen til Kvanne fredag 2 august, med retur til Todalen igjen. Alle foto: Jon Olav Ørsal.

Publisert: 3. august 2013, 00:29