Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Talgø i full drift frå måndag.

Talgø i full drift frå måndag.

Jon Olav Ørsal Fredag 2. august 2013

Talgø er no inne i siste ferieveka, og er klare til å starte på ny frisk måndag morgon. Det såg lenge vanskeleg ut for å klare å dra igang igjen på måndag, men etter kvart som løysingane på logistikkproblematikken har kome har det sett lysare ut. Løysinga med landgangfarty alt frå måndag føremiddag gjer at Talgø kjører igang med full drift alt frå måndag morgon. Dagleg leiar ola Magne Nordvik seier at en får nokre utfordringar med tanke på transport av ein del av dei tilsett til Todalen, men at ein har funne fleksible løysinger.

Nordvik har i dag vore i møte med tillitsmannutvalet for dei tilsette, og dei har vorte enige om ei løysing som er tilpassa rutetidene for skyssbåten. For sjølv om det no blir landgangsfarty for transport av bilar, så har dei mesta ingen kapasitet for persontransport. Difor er det naudsynt å bruke skyssbåten.

På Talgø arbeides det to skift i produksjonen, og tilpasning til rutetiden fører til at arbeidstida blir endra midlertidig. Dei tilsett vil finne informasjon om dette på Talgøs eiga intranettside «Innsida» som brukes til intern informasjon. På dagskiftet og kontor blir den nye arbeidstida måndag til fredag frå 8.00 til 15.45. Med båtavgang kl 07.30 frå Kvanne på morgon og retur kl 16.00 frå Todalen.

Ettermiddagskiftet blir endra til nattskift 3 dagar frå måndag til onsdag, med arbidstid frå kl 20.00 til kl 07.45. Båttider blir frå Kvanne kl 19.30 og retur frå Todalen kl 08.00.

Publisert: 2. august 2013, 22:09