Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tømmer ut 9000 liter mjølk

Tømmer ut 9000 liter mjølk

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. august 2013

9.000 liter mjølk gikk rett i vasken, eller rettare sagt rett i møkkakjellaren for mjølkeprodusentane i Todalen. Fredag fekk dei beskjed frå Tine om å tømme og reingjere kjøletankane. Måndag kjem mjølkebilen på første turen med landgangfartyet ffor å hente mjølk på gardane i Todalen. Frå måndag blir det altså henting kvar 3. dag igjen.

Men fredag vart det altså tømt ut tilsaman 9.000 liter, som har ein førstehandsverdi på mellom 40-50.000 kroner. Dette dekkjer Tine, da vegen som er steng er ein offentleg veg. Tine har og førebudd sjøveis henting av mjølk, og har klargjort ein samletank som da skulle brukes. No ser det altså ut for at mjølkebilen kan kome til bøndene i Todalen med landgangsfartyet, fram til det blir etablert ferjeforbindelse mellom Todalen og Kvanne.

Publisert: 3. august 2013, 21:10