Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2013

Vi fann 124 artiklar i dette arkivet.


Mobiltelefon funne på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. august 2013

På Bordholmen er det i dag funne ein mobiltelefon. Ta kontakt med Matkroken L. Hals for å få den att!


Manuell dirigering i Svinvika

Manuell dirigering i Svinvika

Elinor Bolme Måndag 5. august 2013

Surnadal Røde Kors har fått oppdraget med å dirigere trafikken i Svinvika i forbindelse med rutegående skip MS Maursund. Surnadal kommune, i samråd med lensmann Per Gjeldnes såg på eit tidleg tidspunkt at ei dirigering av ombordkjøyring av nyttekjøretøy og personbilar måtte være på plass.

Les heile saka

Rutetider for Maursund frå tysdag og utover veka

Rutetider for Maursund frå tysdag og utover veka

Jon Olav Ørsal Måndag 5. august 2013

Frå tysdag blir det følgende rutetider for landgangsfartøyet; Frå Todalen Kl 06.30, 08.30, 10.30, 15.30, 17.30, 19.30 og 21.30 Frå Svinvik Kl 07.30, 09.30, 11.30, 16.30, 18.30, 20.30 og 22.30. Skipperen på MS Maursund opplyser at dei har problem med å legge til i Todalen på full fjære, slik at det kan bli avgangar som […]


NRK Lokal i kveld: Direkte frå Todalen

NRK Lokal i kveld: Direkte frå Todalen

Jon Olav Ørsal Måndag 5. august 2013

På NRKs lokalsending fra Møre og Romsdal blir det i kveld eit par innslag frå Todalen i sendinga. Lokalsendinga startar kl 18.40, og varrer fram til kl 19. Da gjeld det å ha TV’n innstilt på NRK Møre og Romsdal, seier Eirik Haukenes frå NRK. Haukenes er til dagleg stasjonert hos NRKs kontor i Kristiansund. Dei […]


Ferjeleie i expressfart

Ferjeleie i expressfart

Jon Olav Ørsal Måndag 5. august 2013

Til neste veke skal det nye, midlertidige ferjeleiet være klart til å tas i bruk. Måndag kom det første av utstyret på fleire vogntog, og vart lossa med ei stor mobilkran på Rykkjem. Det blir så frakta sjøvegen inn til Todalen. Vi kjem med meir informasjon etter kvart som den nye ferjekaia tek form.

Les heile saka

Rutetid for Maursund måndag kveld.

Rutetid for Maursund måndag kveld.

Jon Olav Ørsal Måndag 5. august 2013

Landgangsfartøyet Maursund kjører til disse tidene (cirka) utover kvelden måndag 5. august; Fra Todalen                                       Fra Svinvik kl 16.30                                                kl 17.30 Kl 19.00                                               kl 20.00 Kl 21.30                                               kl 22.30 Faste rutetider for tysdag og resten av veka blir utsendt i løpet av kvelden, melder Surnadal kommune.


Nye rutetider for skyssbåten Tollesund frå tysdag 6.8.13

Nye rutetider for skyssbåten Tollesund frå tysdag 6.8.13

Elinor Bolme Måndag 5. august 2013

Her kjem dei nye tidene som er oppsatt med skyssbåtenTollesund som blir gjeldende fra og med i morgon tidleg kl 06.00. Kommunen har opprinneleg kjøpt 7 turar tur/retur Todalen-Kvanne, men ser at behovet begrensar seg mest til Svinvika og tek heller og sett opp to til Svinvika mot ein til Kvanne. Denne oppsette ruta kan bli endra når dei ulike skulane i kommunen tek til igjen i uke 34.

Les heile saka

Nytt infomøte tirsdag

Nytt infomøte tirsdag

Elinor Bolme Måndag 5. august 2013

Surnadal kommune har på formiddagen i dag hatt beredskapsmøte vedrørende rassituasjonen i Todalen. Og der vart det bestemt at kommuneledelsen ønsker nok eit møte med todalsbefolkninga. Her vil mest truleg to representantar frå Statens Vegvesen delta. Både Knut Nauste og Ole Johan Tønnesen har meldt sin ankomst til Surnadal i morgon, så varaordførar Lilly Gunn Nyheim rekna det som sjølvsagt at dei vart med på møtet til Todalen, for sjølv å besvare spørsmåla rundt situasjonen med vegprosjektet.

Les heile saka

Neste tur frå Todalen kl 16.30

Neste tur frå Todalen kl 16.30

Jon Olav Ørsal Måndag 5. august 2013

Etter ein lang tur frå Harstad og nattarbeid for mannskapet på Maursund må dei no ha ein kvilepause på nokre timar før dei kan fortsette transporten. Dei kjøretøya som det hasta mest med å få transportert er no komme seg dit dei skal, slik den mest prekære situasjonen er dermed løyst på kort sikt. Neste avgang frå Todalen med landgangsfartøyet blir kl 16.30.

Les heile saka

Første turane til og frå Todalen

Første turane til og frå Todalen

Jon Olav Ørsal Måndag 5. august 2013

Maursund gikk kl 8.20 første turen utover til Svinvika, og var da fullasta med bilar som hadde venta på å kome ut frå Todalen. Båten kjemt til å gå kontinuerlig til alle bilar er frakta ut, og på same måte inn til Todalen. Seinar vil det bli sett opp rute. Vær oppmerksom på at båten kun tek 12 passasjerar, fortrinnsvis sjåførane til bilane som er med båten. Det er kun redningsvestar til vaksne, og eventuelle born som skal være med må i tilfelle ta med eigen redningsvest. Elles henvises til hurtigbåten som går i rute.

Les heile saka

Kampoppsett på Søyacupen klart

Kampoppsett på Søyacupen klart

Elinor Bolme Måndag 5. august 2013

62 lag, med 3 på venteliste fordelt på 94 kamper. IL Søya er klare for Søya Cup 24. august. Med såpass mange lag er det naturleg nok ei utfordring med gunstige banetidener for samtlege lag, og klubben skriv på si nettside no at best muleg løysing no er oppsett, utan at dei er heilt fornøgd på alles vegne.

Les heile saka

Vis fortsatt varsomhet på sjøen!

Vis fortsatt varsomhet på sjøen!

Elinor Bolme Sundag 4. august 2013

Mannskapet på Kystverkets båt MS Oljevern 01, ber båtfolk som ferdast på fjorden om fortsatt å vere varsamme. Kystbåten held framleis på med opprydding på fjorden og i strandkanten etter raset, og har enno eit par dagar att. Det mest iøyenfallende vraktømmeret er no ikkje så godt synleg lenger, men skipsførar Egil Eide på MS Oljevern 01 fortel at mykje ligg under vatn enda. I rasområdet har dei ikkje tilgang på opprydning enda.

Les heile saka