Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vis fortsatt varsomhet på sjøen!

Vis fortsatt varsomhet på sjøen!

Elinor Bolme Sundag 4. august 2013

Mannskapet på  Kystverkets båt MS Oljevern 01, ber båtfolk som ferdast på fjorden om fortsatt å vere varsamme. Kystbåten held framleis på med opprydding på fjorden og i strandkanten etter raset, og har enno eit par dagar att. Det mest iøyenfallende vraktømmeret er no ikkje så godt synleg lenger, men skipsførar Egil Eide på MS Oljevern 01 fortel at mykje ligg under vatn enda. I rasområdet har dei ikkje tilgang på opprydning enda.

Mannskapet er ute og tek opp tømmer som ligg og flyt til hinder for båttrafikken på Todalsfjorden. Dei har fått litt assistanse av Surnadal Røde Kors i løpet av helga.

Stort sett er det berre 2% av stokken som no er synleg, og når ein stokk kan vere oppimot 1 tonn, kan ein kollisjon medføre store skadar på båtane og personell.

Dekket er godt oppfylt av tre og røter, men dei har også vore behjelpeleg med fôrleveransar til bøndene i Todalen.

Så langt er ca 120 tonn med tømmer/røter plukka opp og lagt på land ved Ansnessaga og i Svinvika, men enno er det mykje som ligg og duppar i vasskorpa.

Alle foto : MS Ojlevern 01/Kystverket

Først publisert: 4. august 2013, 23:02 - Sist oppdatert: 5. august 2013, 06:55