Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Manuell dirigering i Svinvika

Manuell dirigering i Svinvika

Elinor Bolme Måndag 5. august 2013

Surnadal Røde Kors har fått oppdraget med å dirigere trafikken i Svinvika i forbindelse med rutegående skip MS Maursund. Surnadal kommune, i samråd med lensmann Per Gjeldnes såg på eit tidleg tidspunkt at ei dirigering av ombordkjøyring av nyttekjøretøy og personbilar måtte være på plass. Surnadal Røde kors vart forespurt, og tok oppdraget.

Reiar Brøske i Røde Kors hadde vore med frå starten i dag tidleg, og han tok også håndteringa med parkering av privatbiar som ikkje skulle med båten inn til Todalen. Han fortalte at dei kom til å delta i dette arbeidet så lenge som MS Maursund skulle gå i rute over fjorden.

Under er eit bildegalleri frå området i Svinvika. Reidar Brøske bad instendeleg om at traffikantane respekterer både skilting og manuell dirigering gjort av mannskapet som står i området. Dette gjeld naturlegvis også på Todalssida.

Alle foto: ElinorB

Publisert: 5. august 2013, 22:47