Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2013

Vi fann 124 artiklar i dette arkivet.


Posten kjem fram

Posten kjem fram

Elinor Bolme Fredag 2. august 2013

Posten stoppar ikkje opp sine forsendelsar fordi om vegen er borte. Posten blir levert på rutebåten og så frakta over fjorden til Matkroken. Der blir den utlevert over disk av betjeninga. Ordninga blir slik fram at bilfraktinga over fjorden er komme i orden.

Les heile saka

Rutebåten går om Svinvika

Rutebåten går om Svinvika

Elinor Bolme Fredag 2. august 2013

Surnadal kommune sa i dag ja til at rutebåten som er oppsett med 7 avgangar frå Todalen til Kvanne skal anløpe Svinvika på kvar tur. Skiltet som står oppe ved krysset inn til Todalen kan difor være litt misvisande med tanke på tidlegare informasjon.

Les heile saka

Nytt frå infomøtet fredag

Nytt frå infomøtet fredag

Elinor Bolme Fredag 2. august 2013

Fredag var det nytt informasjonsmøte med representantar frå Surnadal kommune på Todalen Skule. Varaordførar Lilly Gunn Nyheim leia møtet og dei ulike etatane som har vore involvert i etterarbeidet i forbindelse med raset på onsdag, orienterte om kva som har vore gjort, og vidare arbeid framover. Det som vart hovedtema, var nok løysninga med båttransport, der det hadde vore ein intens føremiddag på komunehuset tidlegare på dagen.

Les heile saka

Rutebåten til/frå Todalen – oppdaterte rutetider

Rutebåten til/frå Todalen – oppdaterte rutetider

Jon Olav Ørsal Fredag 2. august 2013

Rutetider for rutebåten frå Todalen til Kvanne tek no form. Dei fire første avgangane er no klare, og første turen går frå Todalen kl 12.00, melder kommunalsjef Karin Halle i Surnadal kommune. Båten går frå kaia ved Rossåa settefiskanlegg til Kvanne ferjekai. Etter møtet ved Todalen Skule no i ettermiddag, vart det bestemt at båten skal gå innom Svinvika på begge turane.

Les heile saka

Vandrefestivalen – er i gang Kvit Varde avlyses

Vandrefestivalen – er i gang Kvit Varde avlyses

Jon Olav Ørsal Fredag 2. august 2013

Vandrefestivalen er lite berørt av rassituasjonen i Todalen, og går stort sett som normalt. Men på grunn av at vegen inn til Todalen er stengt på ubestemt tid er delarrangement som går i Todalen problematiske. Arrangementet KVIT VARDE som er planlagt søndag kl 12 blir difor avlyst på grunn av rassituasjonen i bygda. Sjå forøvrig […]


Bilete frå rasets startsted

Bilete frå rasets startsted

Ole Petter Talgø Fredag 2. august 2013

Torsdag ettermiddag var Anders Talgø og Gudmund Kvendset på befaring der raset har starta, og vi har fått nokre bilete som viser korleis det ser ut der oppe. Raset har starta på myrane rett ovanfor sjølve lia. Det var faktisk to ras nesten ved sidan av kvarandre, men det som hadde starta litt lenger inn og lenger opp, hadde stoppa opp før det fikk nok moment og kom ned i den brattare lia.

Les heile saka

Pressemelding frå Svorka

Ole Petter Talgø Fredag 2. august 2013

Frå Svorka har vi fått følgande pressemelding: Etter at vi fikk klarsignal fra Statens vegvesen om å arbeide 20 meter fra raskanten, så har arbeidet med å sikre strømforsyning til Todalen gått som planlagt. De første kundene fikk normal strømforsyning fra 00.37 natt til fredag, og siste kunde ble tilkoblet kl 02.24, sier administrerende direktør […]


Straumen er tilbake

Ole Petter Talgø Fredag 2. august 2013

Beskjed fra Svorka til alle husstander i Todalen: Fra ca kl 01.00 begynte strømmen og komme tilbake. I løpet av en stor time skal alle ha strøm levert fra nettet. Dette betyr at fra nå av kan normalt strømforbruk benyttes. Varme og varmtvannsberedere kan derfor tilkobles. Spre denne meldingen til alle i Todalen både via […]


Mot midnatt er det håp for straum

Mot midnatt er det håp for straum

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. august 2013

Montørene frå Svorka Energi er i full gang med å reparere høgspentlinja som går forbi rasstaden uti Stranda. I 20.30-tida var dei i full aktivitet med det tredje og siste strekket. Etterpå er det en del monteringsarbeid, før det så er klart til å sette på straum. Men mot midnatt går det an å starte […]

Les heile saka

Norway Cup dag 5

Norway Cup dag 5

Elinor Bolme Torsdag 1. august 2013

Guttene på Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen G14 sitt 7’er lag gjer det fortsatt kjempebra under Norway Cup. Dei spela i dag tidleg 1/8 finale mot Ranheim 3, som dei slo 3-0. I følge rapportar vi har fått spelar mannskapet kjempebra og klarar fortsatt å halde tempo og glød oppe på 5. dagen. Målscorerar var Tore Bæverfjord, Erik Kvendset […]

Les heile saka

Første rutebåt frå Todalen

Første rutebåt frå Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. august 2013

Karin Halle i Surnadal kommune melder at første rutebåt frå Todalen til Kvanne går frå kaia ved settefiskanlegg i Rossåa fredag kl 12. Det arbeides no med ei ruteplan for hurtigbåten, men den er klar først fredag. Dersom det er nokon som treng båtskyss utover til Kvanne eller Svinvika før den tid, så kontakt Karin […]


Viktig info: Parkering ved Svinvika

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. august 2013

Parkering i gardstunet skaper litt problem for gardsdrifta i Svinvika. Sven Olav Svinvik ber difor om at parkering skjer etter gammelvegen frå krysset ned til garden og innover mot Vika. Det er viktig å ta hensyn til at mjølkebilen og traktortrafikk kan gå uhindra av parkerte bilar.