Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mot midnatt er det håp for straum

Mot midnatt er det håp for straum

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. august 2013

Montørene frå Svorka Energi er i full gang med å reparere høgspentlinja som går forbi rasstaden uti Stranda. I 20.30-tida var dei i full aktivitet med det tredje og siste strekket. Etterpå er det en del monteringsarbeid, før det så er klart til å sette på straum. Men mot midnatt går det an å starte ventinga. 

Til alt hell er alle pålane uskadd, så det er berre å sette på nye traverser og isolatorar. På Todalssida ligg det ei kjempestor steinblokk berre 1-2 meter frå pålane, men denne gongen var marginane på Svorkas side.

Når strumen skal koplast til igjen vil nedre del av bygda vil få straum først. Etter kvart som agregata blir kopla frå vil det så bli sett på straum oppover bygda, og iløpet av natta vil alle ha fått at straumforsyninga.

Det har vore ein hard tørn for Svorkakarane. Med ferietid og lite folk på arbeid har det vore naudsynt å kalla inn folk frå ferie for å delta i arbeidet. Montørgjengen starta på jobben i 10.30-tida onsdag, og helt på i eitt til 07-tida torsdag morgon. Da var det tid for ein pause og ein dupp som dei sa, før dei starta på igjen i formiddag og må nok belage seg på at det lir langt på natt før dei er ferdige. Vi trur dei kan bli kandidatar til dagenes heltar på fredag. Dei har iallfall levert ein sterk søknad!

Bilder frå monteringsarbeidet, der Svorkas montørar torsdag kveld jobbar for fullt for å reparere høgspentlinja inn til Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. august 2013, 21:15