Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rutebåten til/frå Todalen – oppdaterte rutetider

Rutebåten til/frå Todalen – oppdaterte rutetider

Jon Olav Ørsal Fredag 2. august 2013

Rutetider for rutebåten frå Todalen til Kvanne tek no form. Dei fire første avgangane er no klare, og første turen går frå Todalen kl 12.00, melder kommunalsjef Karin Halle i Surnadal kommune. Båten går frå kaia ved Rossåa settefiskanlegg til Kvanne ferjekai. Etter møtet ved Todalen Skule no i ettermiddag, vart det bestemt at båten skal gå innom Svinvika på begge turane.

Foreløpige rutetider for båtruta er sett opp slik:
Frå Todalen: kl 07.00 – 08.00 – 12.00 -14.00 – 16.00 – 18.30 – 20.30
Frå Kvanne:  kl 07.30 – 08.30 – 12.30 – 14.30 – 16.30 – 19.30 – 21.00

Fredag kveld er det ekstratur til Svinvika/Norsk Vandrefestival: Frå Todalen kl 17 – retur frå Svinvika kl 21.15

Det er begrensa med parkeringsplass, men det er rydda fin sti frå Småbåthamna mot kaianlegget. Det er også kort vei frå Talgø og utover til rutebåtkaia.  Vis hensyn når du parkerer bilen, slik at parkeringsplassen blir godt nytta og unngå å stenge for andre parkerte bilar.

Avgangstider er knytta til busstider, men der det ikke er ordinære bussavganger vil det bli sett opp minibuss.
Busstidene for rutebuss er slik:
Frå Kvanne mot Skei:  07.25 – 12.25 – 16.25 – 18.55 – 23.25
Frå Skei mot Kvanne:  07.00 – 12.30 -16.30 – 19.30 – 22.30
Til andre båtavganger er det sett opp minibuss

Når det gjelder rutetider kan dette bli justert og tilpasset etter kvart, men vi vil i tilfelle kome med oppdateringar.

Publisert: 2. august 2013, 10:49