Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nytt frå infomøtet fredag

Nytt frå infomøtet fredag

Elinor Bolme Fredag 2. august 2013

Fredag var det nytt informasjonsmøte med representantar frå Surnadal kommune på Todalen Skule. Varaordførar Lilly Gunn Nyheim leia møtet og dei ulike etatane som har vore involvert i etterarbeidet i forbindelse med raset på onsdag, orienterte om kva som har vore gjort, og vidare arbeid framover. Det som vart hovedtema, var nok løysninga med båttransport, der det hadde vore ein intens føremiddag på komunehuset tidlegare på dagen.

Dei hadde fått eit konkret løysningsforslag frå Lars Stensby som gjekk ut på å leige landgangsfartøyet «Maursund» fra Seaworks i Harstad. Dette er ein tidlegare forsvarsfartøy, som harstadfirmaet har kjøpt opp, då Forsvaret ikkje tek på seg slike oppdrag lenger. Og i følge rådmann Knut Haugen og fungerande ordførar Lilly Gunn Nyheim, hadde båten allerede vorte bestilt og er venta ankomst til Todalen måndag. Inna den tid må landgangsområde på begge sider ordnast slik at den 60 meter lange båten kjem til. Denne båten tek dermed biltransport av større dimensjonar, til Vegvesenet er klar med si løysing.

Dagleg leiar i Svorka Energi AS Halvard Fjeldvær orienterte deretter om strømtilkoblingsarbeidet som hans mannskap hadde utført på ytterst tilfredsstillande måte! Han fortalte at mellom 00.30 og 2.30 natt til fredag hadde alle abonnentar i Todalen fått tilbake strømen. Og det utan ei einaste provisorisk løysing. Ingen av strømpålane hadde vorte øydelagt av raset, så det var berre for montørarane å trekkje nye strømlinjer. Svorka vil fortsatt oppretthalde beredskapen med agregat i bygda ei stund framover.

Margrete Svinvik, einingsleiar i heimesjukepleia kunne berolige dei frammøtte med at heimesjukepleien hadde full kontroll på situasjonen så langt. I Todalen er det 7 personar med tryggleiksalarm, der 2 av desse no er frakta til institusjonane i Surnadal for vidare opphald. Sidan heimesjukepleia var inne i bygda da raset gjekk, har dei også eigen bil til disposisjon.

Ellers kunne Inge Skogheim fortelle at skyssbåten som no er i rute vil vere i beredskap utanom ordinær rutetid, og ligge i båtutlegget hos Erling Halle på Todalsøra. Det vart også framsett ønske om at denne skulle innom Svinvika både på tur inn og ut av bygda, noko kommuneledelsen vedtok på staden! Oppdatere rutetider vil du til ei kvar tid finne på framsida av todalen.no.

Sjå meir om landgangsfartøyet som no er på tur til bygda her: Landgangsfartøyet «Maursund» på tur til Todalen – Tidens Krav

Eitt lite bildegalleri frå det forløpig siste fellesmøtet i Todalen i forbindelse med raset.

Publisert: 2. august 2013, 19:28