Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nytt infomøte tirsdag

Nytt infomøte tirsdag

Elinor Bolme Måndag 5. august 2013

Surnadal kommune har på formiddagen i dag hatt beredskapsmøte vedrørende rassituasjonen i Todalen. Og der vart det bestemt at kommuneledelsen ønsker nok eit møte med todalsbefolkninga. Her vil mest truleg to representantar frå Statens Vegvesen delta. Både Knut Nauste og Ole Johan Tønnesen har meldt sin ankomst til Surnadal i morgon, så varaordførar Lilly Gunn Nyheim rekna det som sjølvsagt at dei vart med på møtet til Todalen, for sjølv å besvare spørsmåla rundt situasjonen med vegprosjektet. Møtet blir ved Todalen Skule kl 14.00 tirsdag 6. august.

Her vil også kommunen naturlegvis ta i mot syspunkt vedrørande dei ulike transportløysingane ut og inn frå Todalen. Bilferga MS Førdefjord er no under klargjering, og plana er at den skal avløyse landgangsfartøyer MS Maursund.

På møtet vart også rutetidene for skyssbåten gjennomgått etter fleire forespørslar frå befolkninga i Todalen. Derfor kan vi med glede orientere om at denne publiserast umiddelbart etter at rådmann Knut Haugen har kvalitetssikra ho. Rutetidene for MS Maursund kjem også fortløpande når desse er avklart med dei ulike intersentane.

Publisert: 5. august 2013, 12:25