Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vandrefestivalen godt i gang

Vandrefestivalen godt i gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. august 2013

Rassituasjonen i Todalen har lagt fullt beslag på den redasjonelle staben i Todalen.no dei siste dagane. Heldigvis er ikkje Vandrefestivalen ramma av raset, og går derfor sin gang, sjølv om deler av programmet som skulle skje i Todalen måtte avlysast. Heldig vis har vi hjelpsame sjeler som har ytt bidrag og hjelpt oss med sendig av bilder frå festivalen som starta fredag kveld.

Det var rundt 250 deltakarar på opningskvelden, og Cecilie Skog heldt eit knakande godt foredrag som inspirerte og motiverte mange av dei frammøtte som faktisk fylte opp festivaltipien. Ragnhild Godal Tunheim fortel til Driva at ho var spent før opningskvelden, men at arrangementet har gått uttruleg bra.

Laurdag har det også vore stor aktivtet med blant anna klatring, friluftsmarked og ein interessant urtetur med Rolv Hjelmstad. Hovudattraksjonen laurdag er nok konserten med Valkyrien Allstar som starta kl 20.00.  Programmet fortsett søndag mellom anna med terrengsykkeltur med utgangspunkt i Svinvika, med start i to omgangar – kl 11 og kl 14.  Programmet for Norsk Vandrefestival finn du her. Les om Norsk Vandrefestival på nettsidene til Driva.no

Bildegalleri frå fredagskveldens program frå Vandrefestivalen i Svinvika.   Foto: Anita Oterholm og Geir Forbregd/Driva

Publisert: 3. august 2013, 19:51