Ikkje daglegdags med hesjing lenger
Dei siste dagane har det vore, etter dagens standard i landbruket, drive med gamaldags foredling av gras på Gjeldnes. Både i Oppistua og Nestua har dei hesja. Ein kjempegau jobb, når det er finver, seier Torill Gjeldnes når todalen.no er oppom for å ta nokre bilder. Men dertill ubehageleg med alle smådyra når det er slik passe fuktigt i lufta og når graset var vått når det vart slege, legg ektemannen Per Åke til. Dei valde å hesje i år for å sleppe å kjøyre i det bratte terrenget med forvogn. Når det er såpass vått som det har vore no i den siste tida, er det så utriveleg når utstyret sklir nedover i terrenget. Men om dei gjer det neste år er dei ikkje så sikre på enda, lell om det er ein rimeleg måte å foredle på.
Les heile saka