Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2012

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.


Laksefisket fortsett – ingen endring

Laksefisket fortsett – ingen endring

Jon Olav Ørsal Fredag 20. juli 2012

Toåa er ei av tre elvar på Nordmøre som er pålagt å gjennomføre midtsesongevaluering. Det er direktoratet som har har krevd dette, og vurderinga er gjort pr 10. juli. Ola Bruset fortel imidlertid at tala for Toåa ser bra ut, og gytebestandsmålinga her har gode marginar til krava som direktoratet for naturforvaltning har sett. Det blir derfor ikkje sett i verk noko ekstraordinære tiltak i Toåa denne sesongen.

Les heile saka

Torvlegging i Romådalen

Torvlegging i Romådalen

Ola Bolme Torsdag 19. juli 2012

Gunnar Nordvik og Lars Kvendset hadde fått i oppdrag å legge nytt torvtak på Austisusetra denne sommaren. Eg var så heldig å få bli med på min aller første Romådalstur. I går kjørte vi opp til enden av skogsvegen ved romålia med bilen til Gunnar. Det var Gunnar, eg, Lars og dei to gjeitene til Gunnar som var med på turen. Vi gjekk frå parkeringsplassen inn til Austistusetra. Her var det heile fjøstaket på Austistusetra vi skulle reparere. Det var ein lekasje på fjøstaket som trong vedlikehald.

Les heile saka

Fulltegna Søyacup

Fulltegna Søyacup

Elinor Bolme Onsdag 18. juli 2012

Lørdag 25. august er det klart for Søyacup igjen. På IL Søya sine nettsider melder dei i dag om at dei allerede har fulltegna med heile 55 påmeldte lag frå knøtt til G12 og J12. Sunndal Il er den største deltakaren, med heile 19 lag påmeldt i alle klassar. Pågangen har vore såpass stor no […]


Skitt la gå…

Skitt la gå…

Elinor Bolme Tysdag 17. juli 2012

I dag var ikkje veret det aller beste frå morgonen og utover. Dermed nytta Ingrid Kvendset på Trøå anledning til litt åfått-arbeid i fjøset til bror Bjørn. Ho gjekk laus på siste års talle med høgtrykkspylar og godt mot. Eit litt grisete arbeid, men artigt når det skal såpass lite til før ein ser resultatet av nokre timers arbeid. Ein retteleg avløysarjobb meinte ho, og antyda det var difor ho var åleine i fjøset denne dagen.

Les heile saka

Fristar med balldag

Fristar med balldag

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. juli 2012

Det er ikkje berre laksefiskarar og fjellturistar på Todalshytta. Tysdag er fast balldag , fortel Åse Grydeland Øyen som er vertinne og kjøkkensjef på 10. sesongen. Ho fortel at det er mange som nyttar høvet til eit godt måltid med slik tradisjonskost på tysdagane.

Les heile saka

Ein luftig arbeidsplass…

Ein luftig arbeidsplass…

Jon Olav Ørsal Måndag 16. juli 2012

I dag kom feiaren på besøk. Han skulle feie murpipene og klargjere til ny fyringssesong. I Surnadal kommune kjem dei på feiinga annakvart år, og sørgjer for at sot og bekksot blir fjerna for å redusere risikoen for pipebrann. Det dannar seg lett bekksot i pipa dersom det er for dårleg trekk i ho, eller dersom du fyrer med ved som ikkje er skikkeleg tørka. Dei to feiarane i Surnadal er for tida Jon Nordvik og Hans Chr. Hårstad, og dei har litt av ein luftig jobb. No er dei på «turné» i Todalen.

Les heile saka

Hus til salgs i Brusetmarka

Hus til salgs i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Sundag 15. juli 2012

Det er ikkje kvar dag det er hus til salgs i Todalen, men akkurat no er det faktisk eit som er annonsert. Det er Bjørli, som ligg ved Bjøråa i Brusetmarka, som no er lagt ut for salg med ei prisantyding på kr 480.000. Husa er bygd i 1947, på sjølveigartomt på 1400 m2, og har eit bruttoareal på 224 m2. Huset har 2 etasjar og kjellar, og i tillegg er det uthus/garasje.

Les heile saka

Laurdag kveld: Ope på Pakkhuset

Laurdag kveld: Ope på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. juli 2012

I kveld er det open pub på Pakkhuset Kro på Todalsøra.  Det er ope frå kl 21.00, og vertskapet Erling og Synnøve ønskjer alle velkomne! Pakkhuset Kro ligg ved den gamle dampskipskaia, ytterst på Todalsøra.


Klart for hyttebyggjing på Kammen

Klart for hyttebyggjing på Kammen

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. juli 2012

Denne veka har det vore full aktivitet og storstila vegbyggjing til Kammen hyttefelt på Hjellnes. Det er Bjørn Halle som har lagt ut eit hyttefelt med 8 sjølveigartomter, som ligg på nedsida av Gammelvegen opp mot Hjellnes. To av dei 8 tomtene er alt solgt, og vegbyggjinga markerer no starten på sjølve utbyggjinga av feltet. Den nye vegstubben på rundt 100 meter går frå Gammelvegen som går utover Kleiva, og ned til hyttefeltet som er ferdig regulert og godkjent, fortel Bjørn Halle som har lagt ut hyttefeltet for salg.

Les heile saka

Hageland blir neste satsing for Talgø

Hageland blir neste satsing for Talgø

Jon Olav Ørsal Fredag 13. juli 2012

Våren 2013 er det klar for å opne dørene til eit nytt hagesenter i Surnadal. Det skjer i tilknyting til Byggmakker og MøreTre på Syltøran, og når vinteren slepper grepet skal alt være på plass. Konsernsjef Terje Talgø fortel at dei lenge har jobba med dette prosjektet, som naturleg høyrer saman med satsinga på Talgø OutLiving®-kolleksjonen. Den nye satsinga vil være med og forsterke produktområdet hage og fritid, som er ein av dei hurtigast veksande varegrupper i Talgøkonsernet.

Les heile saka

Søndag: Ope museum på Åsen

Søndag: Ope museum på Åsen

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. juli 2012

Surnadal Museum informerer om at museet på Åsen held ope søndag 15. juli frå kl. 12 – 17. Der vert det høve til å sjå seg om i dei fasta utstillingane, og nyte søndagen i vakre omgjevnader. Dersom veret tillet det dekkjer vi på til sommarleg kaffelag i tunet, skriv maja Frønes i ein e-post til Todalen.no, søm ønskejr alle hjarteleg velkomne til museumsbesøk denne dagen.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for juni

Stem på månadens bilete for juni

Ole Petter Talgø Torsdag 12. juli 2012

Juli er over oss, og mange har nok starta på ferien. Ta gjerne med kamera ut på tur eller på ferien, og send oss et bilde. Vi vil gjerne ha sommerhelsingar både frå fjell, land, sjø og utland! Det betyr også at vi skal kåre vinnaren av månadens bilete for juni.

Les heile saka