Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ikkje daglegdags med hesjing lenger

Ikkje daglegdags med hesjing lenger

Elinor Bolme Onsdag 11. juli 2012

Dei siste dagane har det vore, etter dagens standard i landbruket, drive med gamaldags foredling av gras på Gjeldnes. Både i Oppistua og Nestua har dei hesja. Ein kjempegau jobb, når det er finver, seier Torill Gjeldnes når todalen.no er oppom for å ta nokre bilder. Men dertill ubehageleg med alle smådyra når det er slik passe fuktigt i lufta og når graset var vått når det vart slege, legg ektemannen Per Åke til. Dei valde å hesje i år for å sleppe å kjøyre i det bratte terrenget med forvogn. Når det er såpass vått som det har vore no i den siste tida, er det så utriveleg når utstyret sklir nedover i terrenget. Men om dei gjer det neste år er dei ikkje så sikre på enda, lell om det er ein rimeleg måte å foredle på.

Torill med hunden Gaisa og Lars Ailo i vogna.

Det er no over 5 år sia Torill og Per Åke flytta heimatt til Todalen og Oppistua på Gjeldnes med eldstedottra Ylva Synnøve som den gongen var berre ein månad gamal. Per Åke er snekkar, medan Torill er utdanna lærar. Ho er no ute i fødselspermisjon med minstemann Lars Ailo, som er halvannnan månad gammel. I tillegg har dei mellomstemann Nils Erik som er 3 år og uredd for dei tøffaste ting.

 Nils Erik klatrar på staurhuset.

Torill tok over gardsdrifta etter far Nils for eit par år sidan, og driv fortsatt med sau som han gjorde. Men rasen er bytta ut med gammelnorsk spelsau på andre året. Dei starta forsiktig med 5 stykker, og er no komme oppi 22 vinterfora. Og har i år slept 47 til fjells. Denne rasen er litt kraftigare i fysikken enn villsauen og er veldig robust fortel Torill. Dei går ute heile året og lammar åleine. Ikkje hadde vi tap i fjor heller, men om det har med flaks å gjere, enn om dei er litt meir «ville» av seg kan vi nok ikkje dokumentera enda i allefall, seier ho.

Mr Bruse, ein stasleg herremann som er far til alle lamma i Oppistua på Gjeldnes. Attåt har dei både høner, kaninar og kalkunar på garden. Dei to kalkunane er vorte i meste laget, så om nokon vil ha dei er det berre å ta kontakt seier Torill.

Torill og Per Åke har fått god hjelp av Jonas Svinvik med hesjinga. I følge Torill har ikkje hesjing vore gjort årleg hos dei.  Men ho minnes godt den gongen i ungdomsåra då ho sjølv var med gamalonklane Kristoffer og Sverre på Snøyå å hesja. 

Ylva Synnøve ser på onnakarane og får heilt sikkert mulligheit til å vere med på gardsdrifta i kommande år i lag med småbrørne sine.

Publisert: 11. juli 2012, 13:06