Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rambjøra- endeleg!

Rambjøra- endeleg!

Elinor Bolme Laurdag 7. juli 2012

I fleire år har målet vore å komme seg på Rambjøra ein tur. Endeleg har dette lykkast, då eg fekk vere med ungfolket på Halset ein snartur i går. Med Anders Halset sine formaningar om å «sjå te å ha dåkkår i væg no, færre de bli tikkje tå torveret oppå der», gjorde reisefølget slik passe gira til å nå toppen. Ingen av oss hadde vore på Rambjøra tidlegare, men dei to innfødte i turfølgjet, Håvard og Randi var nå i det minste kjent oppover mot Vassnebbområdet. Eg og Margaret tok alt dei sa om svingar, lengder og tid for god fisk sidan vi ikkje kunne skryte på oss så gode lokalkunnskaper.  No veit vi bedre…

Fleire har bemerka at hytta ved Vassnebbvatnet har fått hard medfart etter at Dagmar herja i romjula. Dette kan på det sikre bekreftast, då vi allerede mellom Halsetsetra og Kikut møtte på isoporkuler, papp og glava i lyngen. Etter dette gjekk det slag i slag  med madrassar, sofadeler og treverk heile vegen opp til Vassnebbvatnet. Og der vart begrepet «spredd for alle vindar» svært så klart. Heile hytta var borte frå opprinneleg oppsatt plass. Og fjellryggen til Blåfjellet hadde vrakrestar langt oppover. Opprydding er såvidt starta, men ein del ligg rundt om enda.

Torveret kom aldri mens vi var på tur oppover (eller nedover), så vi nådde toppen etter 3 timars marsj i det som kan beskrivast som eit perfekt turver utan steikande sol, men godt og varmt likevel. Vel oppe var det berre å nyte utsikta alle vegar. Litt dis yttst uti gjorde at Kristiansundsområda var litt ukåre, men det la ikkje den heilt store dempinga på utsikta.

Under er eit bildegalleri frå den fine turen som godt kan anbefalast! Alle foto: ElinorB

Publisert: 7. juli 2012, 10:56