Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eirik Husby: Konsert og plåteutgjeving

Eirik Husby: Konsert og plåteutgjeving

Jon Olav Ørsal Sundag 8. juli 2012

Snow On A Mountain kjem til Todalen for å lansere den nye plata si «Come with me». Det skjer tysdag 24. juli på Pakkhuset Kro på Todalsøra. Snow On A Mountain er eit orkester som består av brørne Eirik Husby, Lars Olav Husby og Jan Peter Husby frå Todalen. Dei spelar musikk i folk pop-sjangeren og held for tida til i Oslo, og opptrer derfor mest i Oslo- og Drammensregionen.

Tidlegare har dei blant anna opptredd på Kleivakvelden i samband med Vårsøghelga i tillegg til at dei har spela i konserter i ulike samanhenger heime i Todalen. Sidan 2008 har dei blitt jamnleg spela på NRK Møre og Romsdal med ulike songar. Vidare har dei blitt anbefalt av Urørtredaksjonen.

Den nye plåta er ein såkalla EP med 4 melodiar, der Eirik Husby står ansvarleg for både tekst og musikk. Sett av kvelden og kom på konsert og premiere for «Come with me».

Publisert: 8. juli 2012, 20:24