Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2012

Vi fann 74 artiklar i dette arkivet.


Jo Kåre vart verdsmeister

Jo Kåre vart verdsmeister

Jon Olav Ørsal Måndag 12. mars 2012

Vi gratulerer Jo Kåre Torvik som gikk til topps i sin klasse i Veteran-VM i hopp i Szczirk i Polen denne veka. Han leda med eit fattig poeng etter første omgang, og klarte å halde konkurrentane unna også i andre omgang, med 1/2 poengs margin til tyskeren Stielow Jurgen. Szczirk ligg eit par mil sør for Krakow og ikkje langt unna OL-byen Zakopane. Her var det konkurranse i tre bakkar, 40 – 70 – 90 meter. Det var i 40-metersbakken og i klasse 50-55 år at Torvik gikk til topps.Torvik deltok også i 70-metersbakken, og der hamna han på ein 8-plass.

Les heile saka

4H på bytur.

4H på bytur.

Elinor Bolme Sundag 11. mars 2012

I går var Start 4H på stortur til Trondheim. Dei hadde bestilt plass for utfoldelse på Bowling 1 og Gocart AS på Heimdal der dei i tillegg til å bowla også kjøyrde kvar sin runde med gocart. Det var heile 26 ungar som deltok på turen saman med rådgjevarane Jon Olav Roaldset, Hanne Waag pluss fleire av foreldra.

Les heile saka

AVLYST!Snow On A Mountain på Nordmørsturne

AVLYST!Snow On A Mountain på Nordmørsturne

Elinor Bolme Sundag 11. mars 2012

Snow On a Mountain sine to konsertar neste laurdag er desverre avlyst melder Eirik Husby til todalen.no. Dei vil prøve å sette dei oppatt på eit seinare tidspunkt. Dei var planlagt på Pakkhuset Kro og i Amfi senteret.

Les heile saka

Merkedagen 8. mars

Merkedagen 8. mars

Elinor Bolme Sundag 11. mars 2012

8.mars, kvinnedag og ikkje minst ein merkedag for Ann Kristin Nerland Bruset og alle hennar sine medarbeidarar. Då kunne ho endeleg opne dørene for det splitter nye Surnadal Trenings- og velværesenter. Todalen.no var desverre forhindra frå å delta på festiviteten opningsdagen med snorklipping av Mons Otnes og kaker i fleng. Men tok turen dagen etter for å sjå på dei nye lokala og alle dei nye fasillitetane.

Les heile saka

ICA Nær blir Matkroken

ICA Nær blir Matkroken

Jon Olav Ørsal Sundag 11. mars 2012

ICA Norge driv med omlegging og forenkling av kjedestrukturen på sine butikkar dette året. ICA Nær kjem bort som kjedenamn og blir erstatta av den nye kjeda Matkroken. Elles blir butikkane i kjeda kalla ICA Supermarked (store) samt RIMI og MiniRIMI (mellomstore) og altså blir Matkroken namnet på butikkar under 13 mill i omsetning. Hals-bua skiftar til Matkroken måndag 19. mars, og dei nye skilta vil kome på plass i slutten av veka.

Les heile saka

I dag: Todalen historielag – årsmøte

I dag: Todalen historielag – årsmøte

Jon Olav Ørsal Sundag 11. mars 2012

Det skjer i Todalen ungdomshus søndag 11. mars kl 14.00. Forutan vanlege årsmøtesaker er det forslag til nye vedtekter for godkjenning i Brønnøysundregisteret. Til underhaldning vil Svein Åge Saksen kåsere om industrihistoriske utviklingstrekk i Noreg frå 1500-2000. Han viser mellom anna filmklipp om vasskraft i Oppdal, oppgangssag frå Lesja og frå verdas største vasshjul i […]


Førebur neste vinter

Førebur neste vinter

Jon Olav Ørsal Sundag 11. mars 2012

Håvard Halset er godt i gang med førebuing til neste vinter. På Øraekra er det etablert base for vedproduksjon, og han er no komen på siste røysa med vedstrangar. Det meste av vedproduksjonen er til eige bruk, men han har også noko for salg. Det er mest til faste kundar. Han fryktar at det blir lite […]

Les heile saka

I gang med tunnelprosjektet?

I gang med tunnelprosjektet?

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. mars 2012

Ein uniformert mann frå Vegvesenet ved Todalshaugen vekte vår interesse. Var han i gang med prosjektering av ny bru over Husbekkjen med tanke på tidleg oppstart av tunnelprosjektet? Nei da, han var på synfaring av bruene i området, og hadde oppdrag på vegne av Vegvesenets avdeling for bruer og fergekaier i Region Midt. Eit hol i asfalten og en skadd påle til rekkverket hadde fanga hans interesse for meir nøye kontroll, og her er det nok naudsynt med ein reparasjon så snart som muleg.

Les heile saka

Opprydding etter «Dagmar»

Opprydding etter «Dagmar»

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. mars 2012

Skog-Kompaniet driver no tømmerhogst på Nordvik, fortel dagleg ledar Kristen Bruset. På Nordvik var det ein god del vindfall etter julestormen Dagmar, og dei har no oppdrag der for fleire grunneigarar. Hogsten foregår i regi av Allskog og drifta blir koordinert av skugbrukledar Per Egil Rønning. Kristen fortel at det er tildels vanskelege forhold i skogen no, og dei tok jobben på Nordvik da fleire planlagte tømmerdrifter har vorte utsett på grunn av vanskelege vær- og føreforhold.

Les heile saka

Triveleg men utradisjonell songkveld

Triveleg men utradisjonell songkveld

Jon Olav Ørsal Fredag 9. mars 2012

Salmeskatt i Jeans og bunad hadde dirigent Bernt Bøe kalla songkvelden i Todalen kyrkje onsdag kveld. Og med det signaliserte han ein stor variasjon i programmet, der korsongen nok dominerte på denne songkvelden. Den var eit samarbeid mellom Todalskoret og Åsskard kyrkjekor. Men programmet var krydra med både deklamasjon, solosong og orgelmusikk, og spente frå tangorytmer til Bach-koral, ispedd både allsong, folketonar og klassisk.

Les heile saka

Byggmakker utvidar butikken

Byggmakker utvidar butikken

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. mars 2012

Hos Byggmakker Surnadal er det stor aktivitet om dagen, både på utsida og innsida. På utsida har entreprenøren kome i gang med et tilbygg på 400 m2. Nybygget skal mellom anna huse den nye OutLiving-kolleksjonen frå MøreTre. Inne i butikken er det også store endringar, der varegrupper er flytta om, for å få en meir praktisk butikk – både for kundane og for betjeninga.

Les heile saka

På «tunnelbefaring»

På «tunnelbefaring»

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. mars 2012

I dag har kommunestyra i Sunndal og Surnadal vore på befaring for å sjå nærare på dei forskjellige alternativa for ferjefri ferdsel over Todalsfjorden. Dei starta på Sunndalssida av Todalsfjorden i formiddag, og etterpå bar det over med ferja og innover mot Todalen. Der var det ein rask stopp ved ICA Todalen for ei kort orientering, før det bar vidare til Halsasvingen og Ørsal. Etterpå var det lunch og informasjonsmøte i Todalen ungdomshus for heile gjengen.

Les heile saka