Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Merkedagen 8. mars

Merkedagen 8. mars

Elinor Bolme Sundag 11. mars 2012

8.mars, kvinnedag og ikkje minst ein merkedag for Ann Kristin Nerland Bruset og alle hennar sine medarbeidarar. Då kunne ho endeleg opne dørene for det splitter nye Surnadal Trenings- og velværesenter. Todalen.no var desverre forhindra frå å delta på festiviteten opningsdagen med snorklipping av Mons Otnes og kaker i fleng. Men tok turen dagen etter for å sjå på dei nye lokala og alle dei nye fasillitetane.

Her kan du sjå kva Tidens Krav skriv om treningssenteret, medan du her kan lesa om kva Trollheimsporten skriv om det nye «Opplevelsessenteret» som Ann Kristin foretrekk å kalla det. For her er det rom for alle, og det er slettes ikkje bere knallharde treningsmulegheiter du finn her seir ho. Vi har fått ein eigen sosial krok med sofa og muligheiter til ein kaffe eller te kopp, aromaterapi, vi har rom for barna, naprapat kvar torsdag, tilgang til masasjestolar og for ikkje å gløyme spinningamfi, velutstyrt styrkesal, stor pilates-/zumbasal  og ein klatrevegg inne i den gamle flissiloen ramsar ho opp. De har vore mange seine kveldar mot åpningsdatoen, og mange var vel litt skeptiske til at alt skulle vere klart til fastsatt dato. Men alt ordnar seg alltid! smiler Ann Kristin og gler seg på vidare drift av Surnadal Trenings-og velværesenter.

Surnadal Fotoklubb og fotolinja ved NoFo står for utsmykkinga, og berre det er ein opplevelse i seg sjølve.

Under er nokre bilder frå det nye senteret. Alle foto: ElinorB

Publisert: 11. mars 2012, 11:33