Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Opprydding etter «Dagmar»

Opprydding etter «Dagmar»

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. mars 2012
Skog-Kompaniet driver no tømmerhogst på Nordvik, fortel dagleg ledar Kristen Bruset. På Nordvik var det ein god del vindfall etter julestormen Dagmar, og dei har no oppdrag der for fleire grunneigarar.  Hogsten foregår i regi av Allskog og drifta blir koordinert av skugbrukledar Per Egil Rønning. Kristen fortel at det er tildels vanskelege forhold i skogen no, og dei tok jobben på Nordvik da fleire planlagte tømmerdrifter har vorte utsett på grunn av vanskelege vær- og føreforhold.

På Nordvik hogg dei både gran og furu, som blir levert til foredling både lokalt og mellom anna Norske Skog på Skogn. Furu skurtømmer og laft går til Møretre, medan massevirket av furu går til smelteverksindustrien.  Skurtømmer av gran går til Støren Trelast, medan massevirket av gran går til Norske Skog til produksjon av avispapir.

Generelt er det krevjande driftsforhold no på seinvinteren, på grunn av lite snø og lite tele. Det er mykje vindfall i distriktet, og det er kome inn rundt 600 registrerte skadar i Allskogs område. Omfanget er vesentleg, men Allskog skriv i sitt informasjonsbrev at skadene er mindre enn etter nyttårsorkanen i 1992. No pågår planleggjinga av oppryddingsarbeiet, og det vil bli gjort ein stor innsats for å prøve å berge mest muleg av vindfalltømret. Her kan du lese informasjonen fra Allskog om vindfallryddinga i Møre og Romsdal.

Publisert: 10. mars 2012, 16:19