Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På «tunnelbefaring»

På «tunnelbefaring»

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. mars 2012

I dag har kommunestyra i Sunndal og Surnadal vore på befaring for å sjå nærare på dei forskjellige alternativa for ferjefri ferdsel over Todalsfjorden. Dei starta på Sunndalssida av Todalsfjorden i formiddag, og etterpå bar det over med ferja og innover mot Todalen. Der var det ein rask stopp ved ICA Todalen for ei kort orientering, før det bar vidare til Halsasvingen og Ørsal. Etterpå var det lunch og informasjonsmøte i Todalen ungdomshus for heile gjengen.

Her kan du lese kva Driva,  Tidens Krav og Aura Avis skriv om denne saka på nettsidene sine.

Publisert: 8. mars 2012, 13:48