Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Førebur neste vinter

Førebur neste vinter

Jon Olav Ørsal Sundag 11. mars 2012

Håvard Halset er godt i gang med førebuing til neste vinter. På Øraekra er det etablert base for vedproduksjon, og han er no komen på siste røysa med vedstrangar. Det meste av vedproduksjonen er til eige bruk, men han har også noko for salg. Det er mest til faste kundar. Han fryktar at det blir lite etterspørsel etter ved i år, da det har vore ein mild vinter og lite fyring i forhold til dei to siste vintrane.

Det er nok mange som etter kvart har skaffa seg varmepumpe også, og med moderate straumprisar er det naturleg at det er mange som i vinter har varma opp husa med el-varme. I skrivande stund er spotprisen på rundt 20 øre pr kWh, som er under halvparten av fjorårets pris. (I tillegg kjem sjølvsagt påslag, avgifter og nettleie.) Strømprisen blir nok påverka av at det enno er mykje vatn i magasina (54,2% denne veka) samanlikna med fjoråret (24,8%) til same tid. I tillegg har mildvær og regn dei siste dagane også gjort sitt.

Først publisert: 11. mars 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 10. mars 2012, 18:20