Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2011

Vi fann 71 artiklar i dette arkivet.


Nær rekordvarme

Nær rekordvarme

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mai 2011

Det har nerast vore sjokkvarme nokre dagar, og frå vêrstasjonen på Småhjellå melder Jon Bruset at det er berre ein maidag som slår gårdagens maksimumstemperatur dei siste 20 åra. Måndag noterte Jon i overkant av 26 varmegrader i skuggen, medan ein maidag i 2004 var over 27 grader. Varmen i kombinasjon med litt fønvind sette fart i snøsmeltinga, og det vart stor vassføring i elvane utover dagen.

Les heile saka

Vart gjort stas på…

Vart gjort stas på…

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mai 2011

Fellesfjøset (Todalen samdrift) har motteke 20-årsplakett for levering av elitemjølk. Dette er ei utmerking frå Tine for levering av mjølk av beste kvalitet gjennom mange år. Fellesfjøset har motteke dei høgste utmerkingane for godt fjøsstell og god mjølkeproduksjon. 20-årsplaketten vart overrekt under Tine sitt regionmøte i Stjørdal 30. mars. Frode Grønmyr og Ståle Ansnes var til stades for å motta plaketten, medan Kristen Ørsal var heime og hadde ansvaret for gardsdrifta. Fellesfjøset har tidlegare motteke Sølvtina, som er den høgste utmerkinga for levering av elitemjølk. Dei har også motteke Røktarprisen i Surnadal.

Les heile saka

Månadens bilete: Aprilkveld på Farstad

Månadens bilete: Aprilkveld på Farstad

Ole Petter Talgø Tysdag 10. mai 2011

Vi vil gratulere Gjermund Moe som vinnar av månadens bilete for april. Varmegradene har begynt å krype oppover, og mange lengter nok etter sommerstemningen som biletet formidlar.

Les heile saka

Sesongpremiere i arboretet

Sesongpremiere i arboretet

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mai 2011

I dag er det sesongpremiere i arboretet. Kl 12 opnar porten for publikum, og sjølvsagt kafeteriaen der Toril Redalen kan servere ein godbilt til kaffeen. Det har vore travle dagar den siste tida, og staben har jobba på spreng for å få alt kalrt til opninga, fortel Dordi Kjersti Mogstad. Todalen.no tek turen til arboretet for laurdag for å ta pulsen på opninga!

Les heile saka

Sykkeltrim også i Todalen

Sykkeltrim også i Todalen

Ole Petter Talgø Måndag 9. mai 2011

På Nordvik har det lenge vært arrangert sykkeltrim kvar søndag kveld, og no startar Todalen Idrettslag opp sykkeltrim også i Todalen. Det er trimgruppa i Todalen IL som er ansvarlege for dette, og håpar mange møter opp for å vera med. Den vil foregå annakvar veke framover, med ein pause i fellesferien.

Les heile saka

Loddselgarar kosa seg

Loddselgarar kosa seg

Elinor Bolme Måndag 9. mai 2011

Som mange kanskje fekk med seg i dag, så var ein del ungar i Start 4H i aksjon med å selgja skrapelodd for klubben på ettermiddagen. For å få opp møtivasjonen og oppmøtet littegrann, vart det også freista med grilling i Gapahuken etterpå både for store og små. Etter ein stor times innsats på salgsbiten, fauk dei fleste ned i Gunnøya for sosialt samvær. Her vart det både grilling, steinkasting og bading, for den som ikkje var så nøye på temperaturen..

Les heile saka

Veddemål høgtidleg avgjort

Veddemål høgtidleg avgjort

Elinor Bolme Sundag 8. mai 2011

Litt agurknytt fra Kvanne, der eit tidlegare inngått veddemål skulle avgjerast i høgtidleg atmosfære på Øye stadion i dag. Guttene Knut Haugen og Tor Helge Aas hadde visstnok tidligere vorer litt sleivkjefta mot nokre felles venniner og utfordra dei i 2x500m stafett. Resultatet kan du sjå på IL Søya sine nettsider. Gå til http://idrett.speaker.no/organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=1155517&CatId=36910 for ei […]

Les heile saka

Sosial grendadag

Sosial grendadag

Jon Olav Ørsal Sundag 8. mai 2011

Laurdag tok vi ein avstikkar til Halsa. På Halsanaustan arrangerte dei «Grendadag», der dei hadde samla lokale undehaldningskrefter på ferjekaia. I tillegg hadde lokale bedrifter, lag og organisasjonar laga utstillingar for å vise kva dei held på med. Et veldig flott arrangement, der folk kunne treffast og slå av ein prat, både med kvarandre og med dei som bemanna utstillingane. Slik fekk dei vist til lokalbefolkninga og andre kva dei driv på med.

Les heile saka

Bruk trimpostane

Bruk trimpostane

Jon Olav Ørsal Sundag 8. mai 2011

På trimpostane er det no plassert ut heilårsbøker. Det vil seie at bøkene blir skifta ut på seinhausten og ligg eit heilt år i kassen på trimpostane. Trimgruppa melder at det no er bart til fleire av postane, og det er berre å sette igang med trimaktivtetar til fots. Det ligg bøker på Løfta, Gammelsetra, Haukarsteinen, Dalasetra, Talgøsetra, Storhaugen, Tårnet, Fauskhjellen og Ansnessetra. Søndag er det utsikter til fint turvær, så det er bare å spenne på fejllsko og sette i gang.

Les heile saka

Dugnad på kyrkjegarden

Dugnad på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. mai 2011

Måndag kveld er det tid for å drive litt våronn på kyrkjegarden. Da er det dugnad for å rette opp skeive gravstøtter, rydde og rake etter vinteren og pynte opp litt til konfirmasjon og 17. maifeiring. Det er sokneråd og kyrkjeverje som er arrangør, og dei oppfordrar folk til å ta med rive, trillebår, spett […]


Todalen Brygge som tysk turistmål?

Todalen Brygge som tysk turistmål?

Jon Olav Ørsal Fredag 6. mai 2011

Forleden var det tysk besøk på Todalen Brygge for å sjå på forholda i Todalen. Det var Destinasjon Kristiansund og Nordmøre som hadde invitert det tyske selskapet Angel Reisen til Nordmøre for å lokke tyske turistar til Nordmøre. Angel Reisens representatar ønska å sjå nærare på Todalen og muligheitene for både sjøfiske og laksefiske her, fortel Synnøve Helland ved todalen brygge på Todalsøra. Todalen Brygge har 3 flotte leiligheter i bryggeanlegget på Todalsøra.

Les heile saka

Klargjering til ny sesong

Klargjering til ny sesong

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mai 2011

Torsdag kveld var det dugnad og klargjering til ny sesong i Svinviks arboret. Det er tradisjon at hagelaga i Surnadal og på Kvanne stiller opp på dugnad ein kveld før arboretet opnar for seongen. I tillegg var det også andre vener av arboretet som deltok i dugnaden, tilsaman eit trettitals habile personar med høveleg redskap. Einingsleiar Dordi Kjersti Mogstad og hagesjef Ola Bruset ved Svinviks Arboret skrytte av innsatsen og tykte dei hadde gjort ein kjempeinnsats i arboretet denne kveldsstunda.

Les heile saka