Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sykkeltrim også i Todalen

Sykkeltrim også i Todalen

Ole Petter Talgø Måndag 9. mai 2011

På Nordvik har det lenge vært arrangert sykkeltrim kvar søndag kveld, og no startar Todalen Idrettslag opp sykkeltrim også i Todalen. Det er trimgruppa i Todalen IL som er ansvarlege for dette, og håpar mange møter opp for å vera med. Den vil foregå annakvar veke framover, med ein pause i fellesferien.

Start og registrering vil foregå på Bordholmen, men selve løypa er det fritt for å bestemme sjølv. På Bordholmen vil det og bli åpen kiosk og servering av kaffe og bakels. Det blir loddsal kor trekninga vil foregå under siste sykkeltrim i haust, med premiar som gavekort fra Kårvatn Fjellutstyr. På Bordholmen vil det og vera åpent som sosial arena sjølv om ein ikkje blir med på sjølve sykkeltrimmen.

Første sykkeltrim er førstkommande onsdag (11.05), og start vil foregå mellom 18.00 og 20.00. Dei neste datoane for sykkeltrim er: 11/5, 25/5, 8/6, 22/6, 3/8, 17,8, 31/8 og 14/9, og det er mogleg å følgje med på aktivitetskalenderen.

Publisert: 9. mai 2011, 16:27