Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nærsøkne rovdyr

Nærsøkne rovdyr

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. mai 2011

Den siste tida har vi fått fleire henvendingar om at det er observert gaupe og jerv nær busetninga. I forrige veke var det gaupe på besøk ved Heggøyan, der Margit og Petter Nordvik har sin fritidsbustad. petter fikk berre eit lite glimt av ho, men han er sikker på at det var gaupe han såg. Tidlegare i vår såg Lars Sæther gaupe ved Todalshaugen, der han bor. Han fotograferte gaupa, men det var for mørkt slik at bildet vart mislykka.

Ein kveld i forrige veke satt Nils Øyen og såg på ein fotballkamp i TV’n i 21-tida om kvelden. Da vart han var ein jerv som byksa over ekra nedafor husa, før den tverrstoppa og så stakk til skogs igjen. Jerven var ikkje meir enn 10 meter frå huset til Ole Martin med familie da han passerte. Den var nok på utkik etter rådyra som har gått på Hjellåekra i heile vår. Nils har fleire gong sett at dei har vore urolege, så han trur kanskje at jerven har vore der fleire gonger.

Publisert: 4. mai 2011, 20:22