Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vart gjort stas på…

Vart gjort stas på…

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mai 2011

Fellesfjøset (Todalen samdrift) har motteke 20-årsplakett for levering av elitemjølk. Dette er ei utmerking frå Tine for levering av mjølk av beste kvalitet gjennom mange år. Fellesfjøset har motteke dei høgste utmerkingane for godt fjøsstell og god mjølkeproduksjon. 20-årsplaketten vart overrekt under Tine sitt regionmøte i Stjørdal 30. mars. Frode Grønmyr og Ståle Ansnes var til stades for å motta plaketten, medan Kristen Ørsal var heime og hadde ansvaret for gardsdrifta. Fellesfjøset har tidlegare motteke Sølvtina, som er den høgste utmerkinga for levering av elitemjølk. Dei har også motteke Røktarprisen i Surnadal.

Ved tildeling av utmerkingane frå Tine blir det stilt kvalitetskrav som må oppfyllast. Dette er mellom anna krav til kvalitet på mølka, godt fjøsstell og at ein følgjer godkjente kvalitetssystem for gardsdrift og husdyrhald. 20-årsplaketten krev at vilkåra bli oppfylte i 20 av 22 år, medan for Sølvtina må drifta fylle krava i 15 samanhengande år. Da er det ikkje rom for feilskjer og det er godt arbeid bak det å levere elitemjølk samanhengane i så mange år. Fellesfjøset vart starta av Johan Ørsal, Ola Øyen og Eivind Grønmyr i 1972 som eit av dei første fellesfjøsa i landet. I dag er det Kristen Ørsal, Ståle Ansnes og Frode Grønmyr som står for drifta.

Det var også fokusert på god mjølkeproduksjon før i tida. Vi har kome over boka Husdyravl og fjøskontroll i Møre og Romsdal 1958. Her kan vi sjå at Gunnar Ansnes, bestefar hass Ståle, hadde den kua som mjølka mest i Todalen det året. Dessuten hadde bestefar hass Frode, Sverre Grønmyr, ei mjølkekubesetning som gav mykje mjølk pr. ku. Dette var ei av dei beste besetningane i bygda i følgje rapporten frå Fjøskontrollutvalet.

Vi forstår at god mjølkeproduksjon har gått i arv og gratulerer Fellesfjøset med 20-årsplaketten!

Publisert: 10. mai 2011, 19:40