Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sosial grendadag

Sosial grendadag

Jon Olav Ørsal Sundag 8. mai 2011

Laurdag tok vi ein avstikkar til Halsa. På Halsanaustan arrangerte dei «Grendadag», der dei hadde samla lokale undehaldningskrefter på ferjekaia. I tillegg hadde lokale bedrifter, lag og organisasjonar laga utstillingar for å vise kva dei held på med. Et veldig flott arrangement, der folk kunne treffast og slå av ein prat, både med kvarandre og med dei som bemanna utstillingane. Slik fekk dei vist til lokalbefolkninga og andre kva dei driv på med.

I tillegg var det fotoutstilling, der du skulle stemme fram eit vinnarbilete som mellom deltakarane. Det var ein klasse for vaksne og ein for born. Ponnyridning var ein annan populær aktivitet, og elles hadde dei litt av kvart å by på. Halsa Taekwon-Do klubb demonstrerte kva dei dreiv med.

På scena var det ymse aktivitetar. Ingvar kvande framførte gamle revyviser som fekk dei sam har levd et stund til å humre godt. Einar Oterholm underheldt med «Fysikk på roterommet», og visete både korttrikts og andre fysikkeksperiment. Eit av eksperimenta var å lage softis med flytande nitrogen som hjelpemiddel, men han hausta nok mest applaus da han la seg på spikarmatta og let ein medhjelpar knuse ei leca-blokk på brystkassen.

Videre utover dagen skulle det være sykkelkonkurranse, Kjerringbering, hoggstabbekonkurranse, musikkinnslag før dei runda av med premiering og trekning i lotteriet. På kvelden vqar det invitert til grendafest i det lokale grendahuset, der det også var høve til ein svingom.

Nedafor finn du nokre bildeglimt frå bygdadagen på Halsa.     Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. mai 2011, 06:00