Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klargjering til ny sesong

Klargjering til ny sesong

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mai 2011

Torsdag kveld var det dugnad og klargjering til ny sesong i Svinviks arboret. Det er tradisjon at hagelaga i Surnadal og på Kvanne stiller opp på dugnad ein kveld før arboretet opnar for seongen. I tillegg var det også andre vener av arboretet som deltok i dugnaden, tilsaman eit trettitals habile personar med høveleg redskap.  Einingsleiar Dordi Kjersti Mogstad og hagesjef Ola Bruset ved Svinviks Arboret skrytte av innsatsen og tykte dei hadde gjort ein kjempeinnsats i arboretet denne kveldsstunda.

Arboretet opnar for sesongen laurdag 14. mai, og da er nok rododendronblomstringa komen godt i gang, til tross for at det er litt sein vår i arboretet. Dordi fortel at det har vore ein hard vinter, med ein del tørke- og frostskader, og hjort og rådayr har også forsynt seg av vekstane i hagen i vinterens løp. Spesielt har det gått hardt ut over kristorn og mahonia, så dei må nok klippes godt ned i år for å få ny start.

Bildegalleri frå hagedugnaden og serveringa etterpå.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 5. mai 2011, 21:37