Forleden var det tysk besøk på Todalen Brygge for å sjå på forholda i Todalen. Det var Destinasjon Kristiansund og Nordmøre som hadde invitert det tyske selskapet Angel Reisen til Nordmøre for å lokke tyske turistar til Nordmøre. Angel Reisens representatar ønska å sjå nærare på Todalen og muligheitene for både sjøfiske og laksefiske her, fortel Synnøve Helland ved todalen brygge på Todalsøra. Todalen Brygge har 3 flotte leiligheter i bryggeanlegget på Todalsøra.
Disse er i dag ledd ut gjennom firmaet Dan Senter, og i tillegg har Synnøve Helland og Erling Halle eit hus på Tustna og eit på Smøla som dei leier ut til turistar gjennom heile sommarsesongen. Her er det stor pågang frå tyske turistar som kjem til Nordmøre for å drive fiske og nyte den fine naturen vi har å tilby.
Tyskarane lika det dei såg, og kanskje blir det meir tyske turistar i Todalen i gjen. For ei tid sia var det stor trafikk med tyske reiseselskap som leide Todalshytta gjennom ei årrekkje. Da var det daglegdags med tyske turistar etter vegane i Todalen i sommarsesongen. Blir det ny giv igjen?