Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2020

Vi fann 73 artiklar i dette arkivet.

Side 1 av 712345...Siste »

Sesongopnar Todalshytta 1. juni – satsar på kjøkkenet

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mai 2020

Todalshytta ligg litt i forkant i forhold til dei andre KNT-hyttene og opnar alt 2. pinsedag. Etter at hytta har vore stengt ein sesong så er det nytt vertskap på plass. Det er Stian og Arve Evensen som no er vertskap på Todalshytta, men kontrakt for 5 år i første omgang. Det er sonen Stian som er sjefen både for driftsselskapet og for kjøkkenet – faren Arve er dreng og altmulegmann slik han tittelerer seg sjølv.


Få fram sola til Sanitetshuset…

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mai 2020

Fredag kveld var det aksjon skogrydding ved Sanitetshuset. No når finvêret kjem må sola ha fri tilgang mot Sanitetshuset, og der stengte to store furuer veien. Dermed vart det arrangert dugnad for å få dei vekk, og bebuarane i Sanitetshuset stillte med heiagjen og kaffeservering, medan skogsvante Kvennsetgardingar og Halsetgrendingar  stilte med maskinelt utstyr for skogrydding.


Sesongopning i Slettneset steinovnsbakeri på søndag

Jon Olav Ørsal Fredag 29. mai 2020

Førstkomande søndag, eller rettare sagt 1. pinsedag, er det sesongopning i Slettneset steinovnsbakeri på Nordvik.  Det er meldt knallfint vêr med sol og vi i Slettneset er klare til å fylle tunet med folk, melder Karin Åsbø, som fortel at dei har ope i tidsrommet 12 – 17. 


Slåttakarra i full gang på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Fredag 29. mai 2020

I dag var dert full aktivitet på kyrkjegarden – 2 plenkløpparar i drift og dermed ligg det an til nystelt kyrkjegard til pinse.  Det var Eivind Grønmyr og Ragnar Halle som med kvar sin plenkløppar sørga for slåtten denne gongen. 


I dag frå kl 13 er det direktesending frå Todalshytta

Jon Olav Ørsal Fredag 29. mai 2020

Roar Halten har vi vore vant til å sjå på NRK1 lokalsending frå Møre og Romsdal.  No er Roar tilsett i Kristiansund og Nordmøre Turistforening som dagleg leiar, og i dag frå kl 13.00  markeres at opninga av Todalshytta nærmar seg – og det skjer med direktesendig frå Todalshytta.  


Trimtur langs fjorden på Åsskard

Jon Olav Ørsal Fredag 29. mai 2020

Etter at det vart letta på restriksjonane for smittefaren for koronaviruset, har Stavganggruppa kome godt i gang med stavgangturane sine.  Kvar torsdag har dei eit turmål, og denne torsdagen var det tur langs Åsskardfjorden som stod på programmet. 


Saksliste til TILs årsmøte

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. mai 2020

Todalen idrettslag avviklar sitt årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 4. juni kl 19:00 ifølge tidlegare kunngjort innkalling.   No er saklista klar og er lagt ut nedafor.  Den kan også lastes ned som PDF-dokument ved å følgje linken her


Nytt magasin i postkassen – oppfordrer til lokal dugnad

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. mai 2020

Et nytt lokalt magasin er på vei ned i postkassen din! Torsdag 28. mai vil du finne vårt nye, men koronaforsinkede magasin i postkassen din, seier Stig Husby hos Amfi Kreativ. Distribusjonen skalle egentlig skje 16. april, men alle veit hvordan det var da? Selv om denne utgaven av magasinet ble koronaforsinket så er den verdt å vente på.  Den markerer et budskap om å delta i en lokal dugnad, og vi trur at den vil bli tatt godt imot likevel. Sett i lys av de siste ukenes vinterlige forhold her i distriktet, så ble nok timinga rimelig grei likevel.


Endeleg vår og kuslepp

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. mai 2020

Endeleg var dagen komen for at mjølkekyrne i Austistua på Hala skulle få ut og lufte seg. Det er mange år sidan dei kom ut av fjøset så seint på våren. Ungar frå barnehagen tok turen for å sjå på kusleppet.


På startstreken: – Knøttene er klare for Ræta Opp!

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. mai 2020

Lørdag 27 juni går Todalsdagen av stabelen. Arrangør Todalen IL er fortsatt litt usikker på i hvilken form dagen blir, men pr. i dag ser det ut som i alle fall Ræta Opp kan arrangeres. Med alle forbehold om endringer.


Årsmøte i Todalen historielag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. mai 2020

Det blir årsmøte i Todalen historielag tysdag 16. juni kl. 19.30 i Ungodmshuset. Vanlege årsmøtesaker, og skannarpatrulja viser bilete frå arkivet.


Står på for å bli klar til opninga….

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mai 2020

Det er travle tider på Todalshytta den siste tida før hytta skal opne for sesongen.  Det er Arve Evensen som saman med sonen Stian skal drive Todalshytta dei neste 5 åra.  Stian er oppteken med å få unna dei siste eksamenane, medan faren Arve er altmulegmann og jobbar frå tidleg morgon til sine kveld med å få ting på plass til opninga som skal gå føre seg i pinsa.


Side 1 av 712345...Siste »