Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra med besøk i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Sundag 31. mai 2020

Når forholda vart slik som dei vart – med koronatiltak og stengt kiosk – er vi godt nøgd med besøket i arboretet så langt.  Det er Maja Frønes som møter oss når vi stikk innom 1. pinsedag.  Ho fortel at det har vore bra med folk innom denne dagen også, og no skyt blomstringa fart og da blir det nok enda fleire som tek turen hit. 

No skyt blomstringa fart i arboretet. Her finns nærare 400 forskjellige sortar med Rododendron. Her ved inngangen er det ein tileg variant som er planta. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei siste par vekene har Maja vore spent på korleist det skulle bli ettersom det var 20-30 cm nysnø eit par av dagane. Men snøen forsvann like fort som den kom og ettersom varmen no er komen så vil nok blomstringa no skyte skikkeleg fart. 

Det er mest trønderar i tillegg til lokalbefolkninga som har vore dei hyppigaste gjestane fram til no.  – Vi får faktisk mange telefonar frå folk i Trondheimsreionen som lurar på kor langt blomstringa er komen – så vi reknar med at det blir bra med folk her etter kvart. No er forresten toaletta opna i arboretets opningstid, som er 11-16 kvar dag. Her følgjer vi dei vanlege smittevernsreglane som er godkjent. 

Maja Frønes og Sara Forslund prøver seg fram med forenkla kioskdrift i helga. Foto: Jon Olav Ørsal

– Som du ser har vi prøva ein forenkla variant med kioskdrift her i pinsehelga – dette er  nærast på forsøksbasis, sam sal av is og billettar.  Eller fungerer billetsalet via Vipps veldig godt. Folk vipsar enkelt og greit billettpengane på Vippsnummer #547327 , og da kan vi følge med på loggen her dersom vi vil. 

Publisert: 31. mai 2020, 15:11