Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2014

Vi fann 76 artiklar i dette arkivet.

Side 5 av 7« Første...34567

Fortsatt varierte jobbmuligheiter i Surnadal

Elinor Bolme Fredag 15. august 2014

Det er fortsatt rå for den med rette kvalifikasjonar å få seg jobb i surnadal. Sist vi hadde sak på dette kom vi nesten ut av tellinga på antall utlysningar. Også no, ei stund seinare er det fleire utlysningar. Amfi Kreativ, med hovedkontor på Landbrukshuset på Skei har no ledig stilling som prosjektledar reklamebyrå.


Nytt trefjøs for ammekyr

Jon Olav Ørsal Fredag 15. august 2014

Denne veka har det vore montering av eit nytt stort trefjøs på Mauset i Surnadal. Det er Sivert Mauset som er byggherre, og Monteringa starta så vidt måndag ettermiddag. Tysdag i kvelding var alle dei 56 elementa heisa på plass og montert på grunnmurane. Det er eit såkalla kaldfjøs, som er bygd for 53 ammekyr med kalv, – i tillegg til påsettkviger, fortel Sivert Mauset som sjølv har planlagt heile prosjektet.


Nytt ungdomskor i emning

Elinor Bolme Torsdag 14. august 2014

Tordenskjold songlag tek no initiativet for å starte eit ungdomskor på Indre Nordmøre. Koret er beregna for både gutar og jenter i aldersgruppa 16-20 år, men ivrige songarar utanfor desse aldersgrensene kan også ta kontakt, melder Elsa Kvande i Tordenskjold songlag.


Todalshytta: Opningstider på tampen av sesongen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. august 2014

Sommarsesongen er på hell og hausten nærmer seg med stormskritt, og på Todalshytta vil dei no regulere opningstida for resten av sesongen. For resten av august blir det no stengt på kvardagar utenom bestillingar som blir avtala, fortel Eric Malling til Todalen.no. På helg vil hytta være open frå fredag kl 17 og utover. Nå vi når fram til september vil Todalshytta være open for bestillingar i helgane, men vil halde stengt i vekedagene.


Fjordag i Bøfjorden

Bernt Bøe Torsdag 14. august 2014

Søndag er det ny Fjorddag i Bøfjorden. Og «I fjordabåtens kjølvann» kjem sundbåten Framnæs frå Kristiansund via Halsa til Bøfjorden – der sjøen og museet er arenaer for yrande liv av det ramsalte slaget.


Etterlyser kantslått på kommunale vegar

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. august 2014

Det er fleire som har etterlyst kantslått på kommunale vegar denne sommaren. Ein slik frodig sommar som vi har hatt i år fører til ekstra mykje vegetasjon rundt vegkantane og det tek etter kvart til å bli trafikkfarleg på enkelte plassar. Det er kanskje bra at det er liten trafikkmengde og folk held låg fart ettersom sikta ikkje er så bra.


Skilting til Trollheimen

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. august 2014

Nytt skilt er er kome på plass i Todalskrysset ved Hauahyllå, med informasjon om at dette ein av innfallsportane til Trollheimen – og til Svinviks arboret. Dette er eit av resultata av prosjektet «Opplev Trollheimen» og du finn liknande skilting ved andre knutepunkt som leiar inn til Trollheimen.


Ein aktiv friluftsmann på Tiller

Elinor Bolme Onsdag 13. august 2014

No er vi i verkeleg i siget på bloggfronten etter at vi fekk kasta ansvarsområdet over på Mari Redalen. Denne gongen får vi eit innlegg frå Ola Svinvik, født og oppvokse i Svinvika.


På den grønne green

Elinor Bolme Tysdag 12. august 2014

I går ettermiddag var det arrangert Eika cup ved Surnadal Golfpark på Kvanne. Her var 28 deltakarar delt inn i grupper på 4 som starta ved ulike utslagspunkt/hol. Eg var så heldig å få gå i lag med ekteparet Dagrun Stromberg og Reinhart Wichmann som skulle spele mot Allan Troelsen og Randi Moe Sæther. For det var lagkonkurranse det handla om denne kvelden. Beste lag, med minst poeng sammanlagt på to rundar på den strøkne 9-hulls golfbanen.


Så å seie fullbooka

Elinor Bolme Tysdag 12. august 2014

Fristen for å melde seg på årets Søyacup 2014 er no over, og arrangørklubben IL Søya melder no om 57 påmeldte lag. I skrivande stund skulle dei gjerne hatt to J12 lag til for å komme på maksimal kapasitet. Dei ventar i følge ilsøya.no på svar fra et par J12-lag i Romsdalen, samt eitt lag fra Trøndelag.


NINA-forskarar i Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. august 2014

Måndag hadde Toåa besøk av 5 forskarar fra NINA – Norsk Institutt for naturforskning. Dei har eit forsningsprosjekt som går på ledeevne for elektrisk straum i vatn, med variasjonar i forskjellige temperaturar, fortalte forskningsleiar Gunnbjørn Bremset. Dei brukar nemleg eletrisitet til å fange smolt og yngel, og i den samanheng er det viktig å vite kor mange ein går glipp av. Derfor er det viktig å forske på metodar og finne samanhengar i vasskvalitet, temperaturar osb.


Eldremiddagen treng nye kokkar

Jon Olav Ørsal Måndag 11. august 2014

Det er no tre veker til eldremiddagen startar på igjen etter ein lang «sommarferie», og framleis har vi berre eit kokkelag som går på ny sesong. Karen Johanne Talgø og Grete Torvik tek på ny sesong, men det andre kokkelaget – Brit Nordvik og Jorunn Ness, takka for seg ved sesongslutt i vår, etter mange år ved grytene i Sanitetshuset. I sommar har Reidun Østvik og resten av styret i eldremiddag vore på utkik etter nye kokkar, uten å få napp frå nokon.


Side 5 av 7« Første...34567