Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skilting til Trollheimen

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. august 2014

Nytt skilt er er kome på plass i Todalskrysset ved Hauahyllå, med informasjon om at dette ein av innfallsportane til Trollheimen – og til Svinviks arboret. Dette er eit av resultata av prosjektet «Opplev Trollheimen» og du finn liknande skilting ved andre knutepunkt som leiar inn til Trollheimen.

Det er mellom anna liknande skilting av vegen til Storlidalen, Gjevilvassdalen, Innerdalen og andre plassar rundt heile Trollheimen. Dette er gjort for at det skal bli lettare å finne fram, og for å synleggjære «Trollheimen» for trafikken som passerer i områda som er merka slik.

Opplev Trollheimen var eit 3-årig prosjekt som vart avslutta i septemer 2013, og vegskilting var berre eit av arbeidsområda som det vart jobba med. Du kan lese meir om dette arbeidet i sluttrapporten frå Opplev Trollheimen som du kan laste ned her.

Publisert: 13. august 2014, 16:10