Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2014

Vi fann 76 artiklar i dette arkivet.


Eit lite stykke Todalen

Elinor Bolme Måndag 11. august 2014

Vi har utruleg mange fine turmål i Todalen, utan at ein treng så alt for langt frå husnovene. Ein fin tur som er litt bratt, men absolutt verd å prøve seg på er trimposten oppe på Ansnessetra. Denne stigen startar på toppen ved Heggerneset, og er fin å gå etter, og er godt merka heile vegen.


Berre ei veke att til skulestart

Elinor Bolme Måndag 11. august 2014

Neste måndag, den 18. august er det atter ein gong klart for ny skulestart i kommunen. Ved Todalen skule er det no vorte tilsett både ny rektorog ny lærar, og her er det tre nye førsteklassingar som spent skal møte opp til sin aller første skuledag saman med 17 andre. Einingsleiar Bjørn Einar Høivik, som har ansvaret for både Todalen og Stangvik oppvekstsenter har sendt oss ei lita oppsummering ved dei to oppvekstsentra skuleåret 2014/15.


Med EM i sikte

Elinor Bolme Sundag 10. august 2014

Iris Finnøy, fast ferierande i Todalen sidan ho var lita, gjer det for tida svært godt innenfor sporten bueskyting for sin klubb Harøy IL. Ho er saman med 9 andre teke ut til EM i Tallin fra 15.-20. september, som einaste kvinne. Dette er hennar andre internasjonale mesterskap. Ho deltok i fjor under VM i Italia og endte der på ein fin 5. plass.


“Sjarmerande dyktig!”

Ragna Kvendset Laurdag 9. august 2014

Det var eit allsidig og spennande konsertprogram som kraftfult vart framført onsdagskveld i Skulstuå av familien Kvendset. Minstemann Alfred på trekkspel, opna konserten med “Gøy på landet” og Hallvard og Bodil song vakkert “Amacing Grace”. Det var eit musikalsk spenn frå gospel, folketonar til reilender, polka og masj. Familine som ferierer på Ljosheim oppi Rabbgrenda bur i Vannvikan.


Med Torild og Tor Magne til Sjøasetervatnet

Vidar Sogge Laurdag 9. august 2014

Opptakten til denne stavgangturen var at Tor Magne Halset spurde om vi ville bli med ein tur opp på hytta hans ved Sjøasetervatnet, noko vi sjølvsagt takka ja til. Han ordna med busskyss opp, var sjåfør på bussen samtidig som han heile tida fortalde om områda vi køyrde forbi, og Torild hadde baka sjokoladekake som ho spanderte da vi kom opp på hytta. Tusen takk båe to! Ikkje ver trygg for anna enn at vi kjem til å spørja om å få koma att seinare år.


Snart berre snøen som manglar…

Jon Olav Ørsal Fredag 8. august 2014

Denne veka var det innspurt på dugnadsarbeidet på lysløypeanlegget på Tjønnmyra. No er det snart berre skiføret vi ventar på, fortel Nils Ove Bruset, som har vore prosjektleiar for byggeprosessen som har pågått sidar seinhausten 2012. Det som no står at er tilkobling av straum til lyspunkta og tilkobling til hovudnettet, og det blir gjort med det […]


Stem på månadens bilete for juli

Ole Petter Talgø Fredag 8. august 2014

No som ferien går mot slutten for de fleste er vi klare for avsteminga for månadens bilete for feriemånaden juli. Vi har som vanleg fått inn mange fine bilete, og nokre av disse er plukka ut for å vera med i månadens avstemning. Vi har snart hatt dagens bilete kvar dag i fem år, men […]


Kulturkveld med trøkk på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Fredag 8. august 2014

Det var full trøkk og mykje god og variert underhaldning da Pakkhuset Kro inviterte til Nordmørskveld torsdag kveld, der overskotet frå kvelden gikk til Eirik Halles utdanningsfond. – Eirik vart hard skadd i ei ulykke på vårparten, og er no under opptrening igjen og har god framgang i opptreninga, fortalte Kitty Eide da hun kunne ønska velkomen til gjestane på Pakkhuset.


Bli med på stetfisking på Kårvatn…

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. august 2014

Surnadal jeger- og fiskeforening inviterer store og små fiskarar til å bli med på stetfisking på Kårvatn fredag kveld. Vi startar kl 18.00, og med Ola Røe i spissen blir det grilling av både storsei og kanskje sjølvfiska stet. SJFF sørgjer for gratis mat.


Tid for asfaltlegging…

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. august 2014

Veidekke er no i full gang med asfaltlegging frå Åsskard til Bæverfjorden, og det er jammen på tide etter at trafikkantane i fleire år har kjørt på eit asfaltdekke som er meir enn utslite. Nærare bestemt så skal det leggjast nytt dekke frå stigninga opp mot Nordmarka og utover til Åsskard – til stigninga opp mot Åsskardhøgda.


Onsdag: Sommarkonsert i Skulstua

Jon Olav Ørsal Måndag 4. august 2014

Førstkomande onsdag kl 19 inviterer familien Kvendset til sommarkonsert i Skuststua i Todalen. Det er Ingebrigt, Randi og tre av borna – Hallvard, Bodil og Alfred som vil underhalde oss med song og musikk. hallvard og Alfred trakterer trekkspell, medan Bodil vil sørgje for tonar frå sin fiolin.


Pakkhuset Pub tar ein todagers

Elinor Bolme Måndag 4. august 2014

Torsdag 7. august fra kl. 19.00 arrangerer Pakkhuset Kro Nordmørskveld. Her blir det undrehaldning av ymse slag, både av tilreisande og lokale krefter.