Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På den grønne green

Elinor Bolme Tysdag 12. august 2014

I går ettermiddag var det arrangert Eika cup ved Surnadal Golfpark på Kvanne. Her var 28 deltakarar delt inn i grupper på 4 som starta ved ulike utslagspunkt/hol. Eg var så heldig å få gå i lag med ekteparet Dagrun Stromberg og Reinhart Wichmann som skulle spele mot Allan Troelsen og Randi Moe Sæther. For det var lagkonkurranse det handla om denne kvelden. Beste lag, med minst poeng sammanlagt på to rundar på den strøkne 9-hulls golfbanen.

Surnadal golfklubb sin bane vart anlagt i 2007, og er som dei fleste lag her omkring drevne med sponsormidlar og enorme mengder med dugnadsinnsats. Og klubben har ved fleire anledningar fått mykje skryt for anlegget av tilreisande golfarar. Denne kvelden var spelarane hovedsakleg frå Surnadal og Sunndal golfklubb, med tre andre frå Moss & Rygge golfklubb, Byneset Golfklubb og ei som representerte ein filipinsk klubb. For enda meir informasjon om kvelden, og oppdatert resultatliste kan du gå til Surnadal Golfklubb si eiga nettside.

Surnadal golfklubb har ca 100 aktive medlemmer, men til helga (16. og 17. august) arrangerer dei nybegynnarkurs. i håp om å få med enda fleire. Det er no ingen obligatoriske prøver som må gjennomførast, hverken teoretiske eller praktiske. Etter gjennomført kurs får ein fritt medlemsskap i klubben for 2014, samt at ein kan spille gratis ut sesongen på Surnadal Golfpark. Påmelding og mer informasjon ved å kontakte: Geir P. Garte, mobil 91 53 15 65  eller epost geir.petter.garte@amfi.no

Søndag blir det arrangert Junior Tour med ein Norgesmester på startstreken på Surnadal golfpark. Da får klubben nemleg besøk av Midt-Norges beste juniorgolfarar, da «Junior Tour 6» for Møre og Romsdal og Trøndelagsfylkene skal arrangerast. Også dette finn ein informasjon om på klubbens heimeside.

Under er eit bildegalleri frå Eika Open. Surnadal Sparebank  er ein av hovedsponsorane, og dei har teke initiativ til fleire turneringar der dei blandt anna legg til rette og sponsar premiar. Alle foto Elinor Bolme.

Publisert: 12. august 2014, 18:28