Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt trefjøs for ammekyr

Jon Olav Ørsal Fredag 15. august 2014

Denne veka har det vore montering av eit nytt stort trefjøs på Mauset i Surnadal. Det er Sivert Mauset som er byggherre, og monteringa starta så vidt måndag ettermiddag. Tysdag i kveldinga var alle dei 56 elementa heisa på plass og montert på grunnmurane. Det er eit såkalla kaldfjøs, som er bygd for 53 ammekyr med kalv, – i tillegg til påsettkviger, fortel Sivert Mauset som sjølv har planlagt heile prosjektet.

DSC_5265

Sivert Mauset framfor det nye kaldfjøset som skal være innfløttingsklart i løpet av oktober. Foto: Jon Olav Ørsal

Han fortel at planleggjinga starta alt i 2009, og han har jobba mykje med å få få fjøset akkurat slik han ønska. det skulle være både praktisk og rasjonelt i tillegg til at det ikkje skulle bli for dyrt. Heile prosjektet er kostnadsrekna til rundt 5 mill., og plana er at det skal være klart til innflytting ein gong i oktober. Heile fjøset er bygd i tre, og Mauset sett stor pris på at dei lokale bedriftene er konkurransedyktige både på kvalitet og pris. Grunnarbeid og betongarbeid er utført av Consto Surnadal som også har utført monteringsarbeidet, medan takstolar kjem frå Kvatro i Surnadal og veggelementa er produsert med MøreRoyal kledning hos Møretre. Han skryter uhemma av det gode samarbeidet han har hatt med dei lokale leverandørane i planleggjingperioden, og leveringane har gått smertefritt så langt. Det har vore ein positiv dialog gjennom heile prosessen, seier Mauset.

Nils Ove Bruset ved elementavdelinga på MøreTre fortel at landbruksbygg i tre er populært for tida. Straks før ferien leverte MøreTre element til eit stort storfe- og sauefjøs til Val landbruksskule på Kolvereid, og etter at Mausetfjøset er levert er dei alt i gang med eit nytt sauefjøs som Hurum. Det ser ut til å bli ein travel haust med mange store landbruksbygg på plana, seier Bruset.

Nedafor finn du eit bildegalleri frå nyfjøset på Mauset og nokre bildeglimt frå elementavdelinga på MøreTre.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. august 2014, 05:00