Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2013

Vi fann 57 artiklar i dette arkivet.

Side 2 av 512345

Regn og mildvêr i vente dei neraste dagane

Jon Olav Ørsal Måndag 25. november 2013

Det vil i løpet av neste døgn kome ein relativt stor nedbørmengde i distriktet . Saman med stigande temperatur kan regn og snøsmelting føre til raskt stigande vassføring og lokal oversvømming, med NVE i sitt flaumvarsel for 26. november. Det er difor viktig at vannvegar som slukar, kulvertar og stikkrenner blir haldne opne.


4-2 – Det vart Moldes dag!

Jon Olav Ørsal Sundag 24. november 2013

I Todalen ungdomshus har det vore Cupfinale med stor stemning. Kampen blir vist på storskjerm, og eit trettitalss supportarar fulgte overføringa frå Ullevål stadion.


Skikkeleg «mimredag» i historielaget

Jon Olav Ørsal Sundag 24. november 2013

Det vart ein skikkeleg mimredag for dei som møtte opp på Todalen historielags lansering av årsskrift for 2013 og utstilling av gamle flyfoto. Årsskriftet fanga stor interesse, og det vart både blaing og lesing og reinaste «husker du»-stemning for dei 50-tals frammøtte. Vidare utover dagen vart det sett fokus på utstillinga av gamle flyfoto, der det var kome inn eit stort antall og med variasjon i både alder og motiv.


Julemessa – Mange trossa vêret og kom….

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. november 2013

Laurdag ettermiddag var det i allfall ikkje finvêret som lokka folk til Nistua på Nordvik på julemesse. Initiativtakar Torunn Nordvik var sjølvsagt skuffa over at det skulle bli regn og blåst, og berre 3-4 varmegrader når ho arrangerte julemesse. Men folket strøyma på og det var skikkeleg messestemning både i Mastua, stabburet og på utestandane.


Kvanne – Rykkjem – ferjetrafikken har starta på igjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. november 2013

Fjord 1 melder at ferjesambandet Kvanne – Rykkjem er opna igjen, men at reisande må rekne med avvik frå oppsett ruteplan ein kort periode. Ferjetrafikken stoppa opp ein kort periode laurdag ettermiddag, på grunn av dårsleg vêr.


Laurdag: Utstilling og bokbad

Jon Olav Ørsal Fredag 22. november 2013

Vi har tidlegare skrive om utstilling av flyfoto og presentasjon av årsskriftet for 2013. Det skjer laurdag ettermiddag (23.11) i Todalen ungdomshus, med start på programmet kl 14.00. Torsdag kveld var det innsamling av flyfoto, og alt etter en times tid var det kome inn mange gamle flyfoto. Det var foto heilt attende til først på 1900-talet og framover til nyare tid. Det skal bli arti å sjå når dei kjem på veggen i Ungdomshuset.


Tombolasjef Anne Nes har fått inn små og store gevinstar, blant anna mange flotte hyller.

Basar og tombola i Stangvik

Ole Petter Talgø Torsdag 21. november 2013

Stangvik grendalag inviterer til basar og tombola laurdag 23. november kl. 16.00.


Produserer for Volkswagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. november 2013

Foreløpig handlar det ikkje om produksjon av bilar ved Talgø Møbelfabrikk, men platene til dørken i lasterommet på WV Caddy og den nye transporteren WV T5 blir faktisk laga der. Talgø har fått ein langsiktig avtale på slik produksjon, og det passar godt til ledig maskinkapasitet, fortel produksjonleiar John Moe.


Glatt føre – slik kan det gå!

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. november 2013

Asfaltarbeidet ved rasområdet var ferdig, og sjåføren var på tur heim etter avslutta asfaltsesong da uhellet skjedde. I svingen ved Bleikhammaren møtte han bussen, og det vart litt knapt om plassen. Sjølv om farten var liten, gjorde glatta at sjåføren valgte å legge bilen oppi grøfta i staden for å kollidere med bussen.


Vart lurt av GPS’n?

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. november 2013

Den utenlandske sjåføren vart nok lurt av GPS’n, da han tysdag tok av i Melhuskrysset og kjørte gammelvegen mot Todalen. Det vart i allfall stopp da han kom til den overste svingen med sin semitrailer. Da måtte det kjettingar og redsningbil til for å kome på rett kjøl igjen.


Julestemning ved masstua på Nordvik. Foto: Elinor Bolme

Julemesse i Nistua på Nordvik

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. november 2013

Førstkomande laurdag (23. november) er det julemesse i Nistua på Nordvik, der det er fleire utstillarar enn nokon gong, og dermed eit breitt utval av heimlaga produkt å få kjøpt. Det er stort utval i forskjellig julemat og ikkje minst mange julegåvetips som tilbys.


Stem på månadens bilete for oktober

Ole Petter Talgø Onsdag 20. november 2013

Då har vi (forhåpentlegvis) for skikk på avstemninga i det nye systemet, og er klare for avstemning av månadens bilete for oktober.


Side 2 av 512345