Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julemessa – Mange trossa vêret og kom….

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. november 2013

Laurdag ettermiddag var det i allfall ikkje finvêret som lokka folk til Nistua på Nordvik på julemesse. Initiativtakar Torunn Nordvik var sjølvsagt skuffa over at det skulle bli regn og blåst, og berre 3-4 varmegrader når ho arrangerte julemesse. Men folket strøyma på og det var skikkeleg messestemning både i Mastua, stabburet og på utestandane.

Det såg ikkje ut til at vêret hadde så mykje å bety for dei som var ute for å sjå og kjøpe både julegåver, julepynt og ikkje minst å sikre seg godbitar med julemat og anna julegodt. Handelen gikk, og det var mykje folk som bar på bæreposar med varer som dei hadde kjøpt.

Og det var mykje fint å få kjøpt, og vi let oss imponere over alle dei flotta handverksprodukta som vart frambydd til salgs. Jammen mange som driv med ymse slags hobbyverksemd som er både netthedt og oppfinnsame, og det sett nok publikum pris på. Det var også sett av plass til kaffekos i Mastua, der det var kaffe og nystekte vaflar å få kjøpt. Og folk såg ut til å kose seg i selskap med kvarandre, sjølv om dei trefte naboen eller det var sjeldnare kaffegjestar dei hamna i hop med.

Neste laurdag er det klart for ny julemesse i Todalen. Da blir Todalen Ungdomshus fyllt opp med mykje fine julevarer!

Vi har laga eit bildegalleri med nokre bilder frå messa, men har nok langt i frå fått med oss alle utstillarane.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. november 2013, 18:39