Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Glatt føre – slik kan det gå!

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. november 2013

Asfaltarbeidet ved rasområdet var ferdig, og sjåføren var på tur heim etter avslutta asfaltsesong da uhellet skjedde. I svingen ved Bleikhammaren møtte han bussen, og det vart litt knapt om plassen. Sjølv om farten var liten, gjorde glatta at sjåføren valgte å legge bilen oppi grøfta i staden for å kollidere med bussen.

Nedbøren det siste døgnet og 3-4 kuldegrader har ført til at det er glatt føre, og det er berre å oppfordre alle til å køyre forsiktig. Det er berre slik at det er den første snøen som er glattast, og kjem før vi har fått vent oss til glattføret.

Denne gongen gikk det heldig vis bra, både med folk og med bil. Sjåføren venta berre på redningsbil frå Rindal for å kome seg opp på vegen igjen, slik at turen heimover til sesongslutt kunne fortsette.

Først publisert: 20. november 2013, 19:00 - Sist oppdatert: 26. november 2013, 06:44