Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag: Utstilling og bokbad

Jon Olav Ørsal Fredag 22. november 2013

Vi har tidlegare skrive om utstilling av flyfoto og presentasjon av årsskriftet for 2013. Det skjer laurdag ettermiddag (23.11) i Todalen ungdomshus, med start på programmet kl 14.00. Torsdag kveld var det innsamling av flyfoto, og alt etter en times tid var det kome inn mange gamle flyfoto. Det var foto heilt attende til først på 1900-talet og framover til nyare tid. Det skal bli arti å sjå når dei kjem på veggen i Ungdomshuset.

Årsskriftet for 2013 har 84 sider med gode og varierte artiklar og mange fine bilete.

Årsskriftet for 2013 har 84 sider med gode og varierte artiklar og mange fine bilete.

Vi har og hatt høve til å bla gjennom det nye årsskriftet for 2013, som blir presentert laurdag. Det var ei fin trykksak på 84 sider, fullspekka med historie både frå gammel og nyare tid, og inneheld også litt lokal lyrikk og ikkje å gløyme eit arti fotogalleri som ei minnebok.

Ein kan nemna ein fyldig omtale av Tone Søyset Døving og karriera hennar, og vidare frå Smålandsgrenda er det omtale av «Tomateventyret» da Josva Ørsahl (Skortå) sto i med dyrking av tomat og gulrot frå 50-talet og utover. Vidare er det fine og rikt illustrerte artiklar om Gammelbua på Nordvik, snekkarmester Hallvard Øien (Hegernessa), gammelpoståpnaren Lars Halle (Baugen) og omtale av  møbelgründaren og sanitetskvinna Thora Talgø.

Olav Kvendset har skrive fornøyelege artiklar om gamle bilar som fekk «utnamn», og om lokale størrelsar som imponerte med flotte motorsyklar, både litt føre krigen og meste rett etterpå. Han har også skrive ein artikkel om Husbytrøinn, husa og folka der. Elles er det litt av kvart å lese, og det er spesielt artig at årsskriftet er så rikt illustrert, med mange og fine bilete.

Dei som er medlemar i Todalen huistorielag får utlevert heftet, som er inkludert i medlemskap, under arrangementet i Ungdomshuset. Det blir ogs høve til å kjøpe heftet der, og da vil også heftet kome i salg på Matkroken L. Hals i Todalen og hos bokhandelen i Surnadal.

 

 

 

Først publisert: 22. november 2013, 00:05 - Sist oppdatert: 26. november 2013, 06:44