Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skikkeleg «mimredag» i historielaget

Jon Olav Ørsal Sundag 24. november 2013

Det vart ein skikkeleg mimredag for dei som møtte opp på Todalen historielags lansering av årsskrift for 2013 og utstilling av gamle flyfoto. Årsskriftet fanga stor interesse, og det vart både blaing og lesing og reinaste «husker du»-stemning for dei 50-tals frammøtte. Vidare utover dagen vart det sett fokus på utstillinga av gamle flyfoto, der det var kome inn eit stort antall og med variasjon i både alder og motiv.

Historielaget hadde skaffa ein heil serie med flyfoto frå 1963, og denne ble vist på storskjerm utover dagen. John Moe frå historielaget fortalte litt om dei enkelte bilda og forandringane som har skjedd i ettertid, og da vart det etter kvart innspel frå publikum som tilsaman satt med mykje kunnskap om det som har skjedd og når det skjedde. Skikkelig mimrestemning vart det etter kvart, med bakels og graut til kaffen, og mang ein diskusjon rundt borda.

Årsskriftet er no lagt ut for salg hos Matkroken L. Hals i Todalen, og hos bokhandelen i Surnadal, og kostar kr 200. Du får også kjøpt heftet hos Wenche Kvendset i Todalen historielag, fortel ledar i historielaget Maren Ansnes til Todalen.no. Eit årsskrift er inkludert i medlemskapet i Todalen historielag, så det lønner seg å være medlem, fortel Maren, som var storfornøyd med arrangementet i ungdomshuset laurdag.

I bildegalleriet finn du bildeglimt frå arrangementet i Todalen ungdomshus laurdag ettermiddag. Alle foto. Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 24. november 2013, 12:28