Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Julestemning ved masstua på Nordvik. Foto: Elinor Bolme

Julemesse i Nistua på Nordvik

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. november 2013

Førstkomande laurdag (23. november) 12 – 18 er det julemesse i Nistua på Nordvik, der det er fleire utstillarar enn nokon gong, og dermed eit breitt utval av heimlaga produkt å få kjøpt. Det er stort utval i forskjellig julemat og ikkje minst mange julegåvetips som tilbys.

Her kan vi nemne flatbrød frå Levanger, julemat frå Sylte gardsslakteri, fisk og sild frå Averøy og frå heilige trakter finn du lefse og mølsgraut frå Viastua gardsprodukter i tillegg til mykje anna. Det blir stands både i Mastua og i Stabburet og sjølvsagt blir det ein kaffekopp å få kjøpt, fortel Torunn Nordvik som er initiativtakar til julemessa i Nistua.

Først publisert: 20. november 2013, 01:55 - Sist oppdatert: 26. november 2013, 06:45