Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2012

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.


Ikkje daglegdags med hesjing lenger

Ikkje daglegdags med hesjing lenger

Elinor Bolme Onsdag 11. juli 2012

Dei siste dagane har det vore, etter dagens standard i landbruket, drive med gamaldags foredling av gras på Gjeldnes. Både i Oppistua og Nestua har dei hesja. Ein kjempegau jobb, når det er finver, seier Torill Gjeldnes når todalen.no er oppom for å ta nokre bilder. Men dertill ubehageleg med alle smådyra når det er slik passe fuktigt i lufta og når graset var vått når det vart slege, legg ektemannen Per Åke til. Dei valde å hesje i år for å sleppe å kjøyre i det bratte terrenget med forvogn. Når det er såpass vått som det har vore no i den siste tida, er det så utriveleg når utstyret sklir nedover i terrenget. Men om dei gjer det neste år er dei ikkje så sikre på enda, lell om det er ein rimeleg måte å foredle på.

Les heile saka

Toåa – midtsesongevaluering

Toåa – midtsesongevaluering

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. juli 2012

Direktoratet krev midtsesongevaluering av fisket i Toåa og ti andre elvar i Møre og Romsdal. Da vil dei ha inn alle fangsrapportar hittil i år for å vurdere om det er naudsynt med tiltak for resten av sesongen, som i Toåa går fram til 15. august. Todalen elveeigarlag ber derfor om dat dei som har teke laks og aure i tidsrommet frå 15. juni til no sender ei melding til ledar Ola Bruset, enten som SMS på telefon 915 95 894 eller som e-post bruset@svorka.net dersom fangstrapport ikkje er levert på ordinært vis.

Les heile saka

Tilbake til røtene i Todalen

Tilbake til røtene i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. juli 2012

Tysdag hadde vi langvegsfarande besøk i redaksjonen. Det var Diane Holbeck Erickson og mannen Will som var på Todalsbesøk for å treffe eventuelle slekningar og vener i Todalen. Dei kjem frå Stanwood, som er ein liten stad med ca 6000 innbyggjarar som ligg mellom Seattle og Vancouver på vestkysten av USA. Bestemora Ellen kom frå Ørsaljelen, og vart gift med Jon Haltbakk. I emigrasjonprotokollen er ho ført opp saman med sonen Eilert (1911), da dei reiste «over there» med Den Norske Amerikalinje den 19. juli 1917. Eilert er onkel til Diane og var også i Todalen på besøk på 70-talet.

Les heile saka

Vellykka overnattingstur

Vellykka overnattingstur

Elinor Bolme Måndag 9. juli 2012

Start 4H hadde natt til laurdag overnattingstur på Vorpneset. Eit titals ungar/ungdomar rigga seg til med lavvoar og bålbrenning i strandkanten for ein sosial happening. Utkvilt var dei nok kanskje ikkje då dei kom ramlande heimatt på føremiddagen laurdag, men artigt hadde det vore.

Les heile saka

Kultur og planteliv i Tågdalen

Kultur og planteliv i Tågdalen

Jon Bruset Måndag 9. juli 2012

Søndag 8. juli var det fellestur til Tågdalen naturreservat i Surnadal. Tågdalen ligg på Austre Nordmarka ovanfor Dalsegg på grensa mot Rindal ( ca. 400 moh.). Området var heilt fram til 60-talet i bruk som slåttemark og det meste av området er rikmyr med artsrik flora. Tågdalen naturreservat vart oppretta i 1996 og i 2007 vart det sett i drift ein meteorologisk målestasjon her.

Les heile saka

Eirik Husby: Konsert og plåteutgjeving

Eirik Husby: Konsert og plåteutgjeving

Jon Olav Ørsal Sundag 8. juli 2012

Snow On A Mountain kjem til Todalen for å lansere den nye plata si «Come with me». Det skjer tysdag 24. juli på Pakkhuset Kro på Todalsøra. Snow On A Mountain er eit orkester som består av brørne Eirik Husby, Lars Olav Husby og Jan Peter Husby frå Todalen. Dei spelar musikk i folk pop-sjangeren og held for tida til i Oslo, og opptrer derfor mest i Oslo- og Drammensregionen.

Les heile saka

Rambjøra- endeleg!

Rambjøra- endeleg!

Elinor Bolme Laurdag 7. juli 2012

I fleire år har målet vore å komme seg på Rambjøra ein tur. Endeleg har dette lykkast, då eg fekk vere med ungfolket på Halset ein snartur i går. Med Anders Halset sine formaningar om å «sjå te å ha dåkkår i væg no, færre de bli tikkje tå torveret oppå der», gjorde reisefølget slik passe gira til å nå toppen. Ingen av oss hadde vore på Rambjøra tidlegare, men dei to innfødte i turfølgjet, Håvard og Randi var nå i det minste kjent oppover mot Vassnebbområdet. Eg og Margaret tok alt dei sa om svingar, lengder og tid for god fisk sidan vi ikkje kunne skryte på oss så gode lokalkunnskaper. No veit vi bedre…

Les heile saka

Renoveringa er i gang

Renoveringa er i gang

Elinor Bolme Laurdag 7. juli 2012

Renoveringa ved Todalen Oppvekstsenter er i gang. Vaktmester Ola Bruset fortel at ein del har vore gjort så langt både inne og ute på området. Det er klargjort for støydemping mellom 1. og 2. etasje, heile sløydsalen som skal omgjerast til klasserom er rydda og det er teke hol på ytterveggen slik at det er klart til brakkene kjem.

Les heile saka

Tok storlaksen

Tok storlaksen

Jon Olav Ørsal Fredag 6. juli 2012

Dei siste dagane har det vore bra fiske i Toåa, og det har nok samanheng med at det er betre temperatur i elva i det fine sommarvêret. Årets største så langt i år vart teken i Båthølen i dag, og var ein fin villaks på rundt 9,5 kg. Det var Sven Sandodden frå Longyearbyen som var den heldige og fikk den på flua. Elles er det teke på land fleire på Ramsøyvaldet dei siste par dagane.

Les heile saka

Vorpnestur

Marte Talgø Fredag 6. juli 2012

En liten påminning om 4H-turen som er i dag. 4H stiller opp med lavvo, så de over 10 år er velkomne til å overnatte. Oppmøte på Vorpneset har vi satt til 18.00, og sluttiden på lørdag er satt til 12.00. 4H stiller også med grillmat til kvelden, og enkel frokost til morgenen. 4H-erene tar med sovepose, liggeunderlag, varme klær, eventuelt ekstra ombyte og andre ting dere treng. Det er selvsagt lov å ta med venner som ikke er med i 4H!

Håper mange møter opp! Dette blir gøy!


Trollheimsmarsjen – søndag 26. august

Trollheimsmarsjen – søndag 26. august

Jon Olav Ørsal Fredag 6. juli 2012

26. august er det klart for ny Trollheimsmarsj. Arrangøren prøvar på nytt i år, etter at fjorårets arrangement vart avlyst på grunn av vêrtilhøva. Den populære turmarsjen går frå Todalen og over til Ålvundeidet, og er eit samarbeidsprosjekt mellom dei to idrettslaga Todalen og Ulvungen. Dette samarbeidet starta i 2008 da begge laga fylte 100 år, og var da ein av dei mange jubileumsaktivitetane hos dei to «jamnaldringane».

Les heile saka

Ordnar seg på neste vår

Ordnar seg på neste vår

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. juli 2012

Torsdag var det fotosession på Talgø. Det er neste års kolleksjon av hagemøblar som har vore i «eldlinja» til fotograf Nathan Lediard, og fotograferinga foregikk på Talgø gard. Ein heil gjeng frå marknadsavdelinga på Talgø var engasjert i prosjektet, og produkta høyrer til den populære Talgø OutLiving-kolleksjonen.

Les heile saka