Arkiv for februar, 2010

Side 1 av 512345»

Karnevalstid på Aldersheimen


Ved Aldersheimen i Stangvik vart dem inspirert til å arrangere karneval etter at dei las i avisa om arrangementet på Sjukeheimen i Surnadal. Dermed svinga dem seg rundt og fredag 26. var alt klart. Vi har fått informasjon og foto frå aktivitør Borghild Talgø og Else Margrete Haugen.

Skogskursa ferdig – planer om nytt seinare


Siste veka vart det arrangert to kurs, eit i stell- og eit i bruk av motorsag. Kursa har kome i stand i samarbeid mellom Godt mot, Todalen og skogbruksetaten i Surnadal kommune. Det var Sven Olav Svinvik som var kursansvarleg og Ingebrigt Landsem frå Rindal som instruktør.
Det praktiske øvingane har foregått i ein granbestand hos Ståle Ansnes, ovanfor husa til Nils Øyen, Hjellan.

Kulinarisk Solfest


Det går vel ikkje an å seie at undomshuset var fyllt til trengsel på Solfesta laurdag, men dei førtitals gjestane som deltok var godt nøgd. Og dei kosa seg med god mat og fin musikk, men hadde nok spist seg alt for mette til å få skikkeleg sving på dansen.
Med Todalen idrettslag som arrangør og Todalen kokkelaug (dei som hadde vore på HammerStuene på kokkekurs i vinter) som gjestekokkar vart det ein kulinarisk kveld i Ungdomshuset. Kokkane, med kjøkkensjef Håvard Halset i spissen, fekk mykje skryt for maten.

Landbrukskonferanse i Surnadal


Fredag 5.3. er det klart for ny landbrukskonferanse. Det er Surnadal Sparebank som er arrangør, sammen med Surnadal kommune, Surnadal Bondelag og Todalen Bondelag.

Sonerenn i strålande forhold


Skigruppa i Todalen IL arrangerte sonerenn i klassisk stil ved skulen i går. Godt og vel 40 ungar stilte til start i eit strålande solskinn. Da kan det nemnast at dominansen var utanfrå Todalen denne gongen. Mykje folk som fekk sjå Todalen frå si beste side i dag.

Resultatliste for sonerenn


Her finn du resultatlista for sonerennet i Todalen i dag, 27. februar 2010. Totalt var det 46 deltakarar.

Unormal vinter


Vi har opplevd ein unormal kald vinter, der temperaturane over lang tid har vore lÃ¥ge nÃ¥r ein samenliknar med dei siste vintrane. Jon Bruset har i over 20 Ã¥r registrert minimums- og maksimumsteperaturane heime pÃ¥ SmÃ¥hjellÃ¥. Vi har fÃ¥tt e-post frÃ¥ Jon, der han skriv om registreringane han har gjort, og han skriv: “Dei fleste [...]

Imponerande russerevy!


Fredag kveld var det premiere for russerevyen “Russ 10 Eventyrland”, og det var underhalding av ypperste klasse. Imponerande er vel kanskje det rette ordet for Ã¥ beskrive revyen. Mest imponert var dansinga og songen, men heile forestillinga var fornøyeleg og god underhaldning som kan anbefales.
Tre av aktørane i revyen er frå Todalen. Det er Jan Vidar Øyen, Ingvild Stensby og Eirik Halle, som alle gjorde ein fin jobb på scena.

Småbarnssong


Fredag formiddag var dei aller minste i bygda samla i Sanitetshuset for småbarnssong. Det var soknerådet som etter initiativ frå diakon Gry N Ebbesen som stod for arrangementet. Fem mødre med tilsaman 7 born møtte fram.

Historielaget med kulturminneatlas – og Ã¥rsmøte.


Det er stor aktivitet i historielaget for tida, fortel ledar Maren Ansnes. Det er no årsmøtetid, og torsdag 4. mars kl 19.30 har laget årsmøte i Todalen Ungdomshus. Forutan vanlege årsmøtesaker vil det bli eit interessant kåseri med Bernt Bøe, og ein presentasjon og demonstrasjon av den nye internettsatsing www.kulturminneatlas.no.

Siste dag på jobb for Nils


Fredag har Nils Øyen sin siste arbeidsdag på Talgø Møbelfabrikk i Todalen. Med det er ein lang arbeidsdag over, og Nils blir såkalla AFP-pensjonist. Torsdag var det på tampen av dagen arrangert avskjedlag med kaffe og blautkake for alle ansatte ved fabrikken, og sjølvsagt gåver og blomster til Nils.

Sigmund Tjelle ny Driva-redaktør


På Driva.no kan vi lese at redaksjonssjef Sigmund Tjelle er tilsatt som ny redaktør etter Ole Petter Pedersen som no forlet redaktørjobben i Driva for å bli redaktør i Kommunal Rapport. Sigmund Tjelle er nok godt kjent i lesarkretsen etter mange år i Driva, dei 10 siste åra som redaksjonssjef.

Medlemmar

Todalen Idrettslag
Todalen Småbåtforening
Surnadal Kommune
Surnadal Velværesenter
Skogkompaniet
Skulstuå i Todalen
Todalen Historielag
Todalen Elveeigarlag
Rossåa Settefiskanlegg
Kombi Regnskap
Trollheimsporten
Todalshytta
Todalen Sokneråd
Surnadal Regnskap AS
Surnadal Pensjonistlag
Surnadal Sparebank
AMFI Surnadal
Sparebank1 Midt-Norge
Kårvatn Fjellutstyr
Karen Oddny's heim og hagetjenester
MPs hjemmebakeri
Svorka
IL Søya
Godt mot, Todalen
Norsk Vandrefestival
ICA Todalen
Norsk Laksefestival
Todalen Brygge
Talgø Møbelfabrikk AS
Søya og Todalen Skytterlag
Gjensidige Surnadal
Driva
AMFI Kreativ
Nordvik Grendalag
Indre Nordmøre Forsvarsforening
Viastua Gardsprodukt
Vårsøg Hotell
Todalen Bondelag
Start 4H
Eldremiddagen
Surnadal Kulturhus
Todalen Sanitetsforening
Surnadal Lastebil Verksted AS

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Tir 7. februar: Ã…rsmøte i Todalen Sanitetsforening
    • Ons 8. februar: Søppeldag
    • Tor 9. februar: Barn i løypa/Skitrim
    • Tor 9. februar: Dametrim
    • Ons 15. februar: Russerevy \"Dommens time\"
    • Tor 16. februar: Barn i løypa/Skitrim
    • Tor 16. februar: Russerevy \"Dommens time\"
    • Tor 16. februar: Dametrim
    • Fre 17. februar: Russerevy \"Dommens time\"
    • Lør 18. februar: Russerevy \"Dommens time\"
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør