Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Karnevalstid på Aldersheimen

Karnevalstid på Aldersheimen

Jon Olav Ørsal Sundag 28. februar 2010

Ved Aldersheimen i Stangvik vart dem inspirert til å arrangere karneval etter at dei las i avisa om arrangementet på Sjukeheimen i Surnadal. Dermed svinga dem seg rundt og fredag 26. var alt klart. Vi har fått informasjon og foto frå aktivitør Borghild Talgø og Else Margrete Haugen.
Borghild skriv: «Enden på viså va at det vart ein heilt spesiell dag, ein dag litt utafor kvardagen dag, som gjorde godt for alle. Slik latter og tollfere kom litt
stums på. Vi fikk besøk frå Stangvikbøgden som kom utkledd og med godt humør. Ein kjent klovn frå Todalen var musikalsk ansvarleg, han ha det litt travelt for han var på tur til Hawaii! Bebuarane og ansatte gjorde alle til at det vart så flott ein dag.
Spenninga var stor fredag 26. på føremiddagen med kostymer. måling og hatter. Pårørandeforeininga ved aldersheimen spanderte wienerpølser med brød og lomper, det vanka og både brus og anna godt i glaset.»
Nedafor finn du eit bildegalleri der du kanskje kjenner at både bebuarar og betjening. Og er ikkje karnevalet slutt, så held dem på enno. Er i allfall sikker på at dei pratar om det enno! Alle foto: Else Margrete Haugen.

Publisert: 28. februar 2010, 22:23