Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Siste dag på jobb for Nils

Siste dag på jobb for Nils

Jon Olav Ørsal Fredag 26. februar 2010

Fredag har Nils Øyen sin siste arbeidsdag på Talgø Møbelfabrikk i Todalen. Med det er ein lang arbeidsdag over, og Nils blir såkalla AFP-pensjonist. Torsdag var det på tampen av dagen arrangert avskjedslag. Da var det kaffe og blautkake for alle ansatte ved fabrikken, og sjølvsagt gåver og blomster til Nils.
Nils starta sin arbeidsdag ved møbelfabrikken den 13. september 1964, og har bortsett fra ein periode ved Årdal og Sunndal Verk hatt sitt arbeid på Talgø.
Både tidlegare og noverande konsernsjef takka Nils for innsatsen og omtala Nils som ein trofast og lojal medarbeidar gjennom ei årrekke.
Det var også plass til mange gode historier og omtale av mange artige episodar frå denne perioden.
Konsernsjef Terje Talgø ønska Nils lykke til med pensjonisttida og håpa at han nyttar høvet til å dyrke sine hobbyer. Både laksen i Toåa og småseien i Todalsfjorden går vel ei farleg tid i møte no, når Nils no får betre tid.
Vi i redaksjonen stiller oss også i rekkja av gratulantar!

Først publisert: 26. februar 2010, 04:00 - Sist oppdatert: 25. februar 2010, 19:29