Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kulinarisk Solfest

Kulinarisk Solfest

Jon Olav Ørsal Sundag 28. februar 2010

Det går vel ikkje an å seie at undomshuset var fyllt til trengsel på Solfesta laurdag, men dei førtitals gjestane som deltok var godt nøgd. Og dei kosa seg med god mat og fin musikk, men hadde nok spist seg alt for mette til å få skikkeleg sving på dansen.
Med Todalen idrettslag som arrangør og Todalen kokkelaug (dei som hadde vore på HammerStuene på kokkekurs i vinter) som gjestekokkar vart det ein kulinarisk kveld i Ungdomshuset. Kokkane, med kjøkkensjef Håvard Halset i spissen, fekk mykje skryt for maten.
Kursledar Tor Rune Halset var sjølvsagt invitert som gjest denne kvelden, og han takka for maten, og ga ros til kokkane for smakfull og god mat. Han nytta også høvet til takke for dei trivelege kurskveldane i vinter.
Det vart servert treretters middag, der gulasjsuppe var forrett. Til hovedrett vart det servert Svinefilet surret i bacon, med sjampingjonsaus, grønsaker, mais og poteter. Til dessert var det Tiramisu og kaffe.
Freds Trio frå Rindal sørga for dansemusikk vidare utover kvelden. Dei skal ha skryt for musikken sin, men festlyden var nok for gode og mette til å få skikkelg sving på dansen.



Publisert: 28. februar 2010, 13:23