Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Imponerande russerevy!

Imponerande russerevy!

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. februar 2010

Fredag kveld var det premiere for russerevyen «Russ 10 Eventyrland», og det var underhalding av ypperste klasse. Imponerande er vel kanskje det rette ordet for å beskrive revyen. Mest imponert var dansinga og songen, men heile forestillinga var fornøyeleg og god underhaldning som kan anbefales.
Tre av aktørane i revyen er frå Todalen. Det er Jan Vidar Øyen, Ingvild Stensby og Eirik Halle, som alle gjorde ein fin jobb på scena.
Forestillinga gikk for fullt hus fredag, og dei fleste billettane er utsolgt på laursdag. Men for forestillingane på måndag og tysdag er det enno billetter att, så det er berre å hive seg rundt og sikre seg billettar.
Du kan kjøpe billettar på internett ved å klikke her, eller på telefon 71 65 73 08
Her kan du lesa om revyen på Driva.no

Publisert: 27. februar 2010, 12:04