Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7202 artiklar i dette arkivet.


Lokale Byggmakker-butikker står støtt

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. august 2023

Byggebransjen opplever tøffere tider og byggevarekjeden Byggmakker varslet 22. august at dette nå får konsekvenser for dem, med mulige nedbemanninger og nedleggelser av enkelte egeneide varehus. Lokalt står imidlertid de frittstående Byggmakker-butikkene på Tingvoll, Sunndalsøra og Surnadal støtt.


Lite valkamp og mykje «vaksenopplæring»

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. august 2023

Tysdag ettermiddag og kveld var stortingsrepresentant Rasmus Hansson (MDG) på lynvisitt til Todalen som eit innslag i valkampen og for å treffe listetoppar i MDG – Miljøpartiet De Grønne – sitt lokallag i Surnadal eit følgje på 7-8 personar. I staden for å møte veljarar på stand, så bar det først på gardsbesøk til Ola og Anne Berit Kvendset, og vidare til Gammelfabrikken å høyre kva Talgø driv på med.


Sponsa nytt partytelt – laga hagefest

Jon Olav Ørsal Sundag 20. august 2023

Forleden arrangert Surnadal Demensforening og Helselag sensommerfest i nyinnkjøpt partytelt. Inviterte var beboerne på sjukeheimen som sette stor pris på tiltaket, forteller Liv Botten. På besøk kom også Liv Dalsegg og Arne Berset fra Sparebank1 Nordmøre som er foreningens trofaste sponsor, og de hadde med seg en sjekk på 20.000 for å finansiere partyteltet.


Biskopen i Todalen – gudstenesta flytta innomhus

Jon Olav Ørsal Sundag 20. august 2023

Dagens gudsteneste var tillyst i Svinsviks arboret, men på føremiddagen i dag var det godt med regn, og soknerådet beslutta at gudstenesta skulle flyttast til kyrkja.  Og bra var nok det, for det regna bra da gudstenesta starta. Litt synd var det sjølvsagt, for førebuingane for utegudsteneste var gjort, men vêret er det da ingen som rår med.  Det var Mørebiskopen Ingeborg Midttømme som var dagens liturg, og resten av mannskapet var også basert på «reservestyrker».  


Kløvertur til Toåa tursti

Jon Olav Ørsal Sundag 20. august 2023

Måndag er det ny kløvertur, melder Todalen sanitetsforening.  Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken kl 11, og alle er velkomene til å ta del i Kløverturen. 


Kårvatn Skyrace 2023 – Erik Johannes Husom kom først i mål – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. august 2023

Kampen om seieren stod egentlig mellom Erik J. Husom og sveitsaren Pascal Egli heile løpet, medan heimefavoritten Erik Kårvatn heldt på tredjeplassen.  Egli var best i motbakkane, medan Husom var kjappast i unnabakkane – dermed vart det Husom som stakk av med sigeren i 29 km løpet.  Husom kom i mål på 3:05:24, og med ein margin på 1 minutt og 5 sekund på Egli til slutt, medan tredsjplassen gjekk til Erik Kårvatn på 3:34.16.  På 4.-plassen kom veteranen Ola Hovdenak knapt eit minutt etter Kårvatn.


Reparasjon av asfalt i småskala

Jon Olav Ørsal Fredag 18. august 2023

Det er sikkert mange som har hatt «kontakt» med den store grufsa i overgangen til Rossåbrua ved Todalshugen.  I løpet av dei siste dagane har det vorte eit stort hol der, med ein skrp kant i overgangen til brufundamentet.  Dette er nok hard kost for alle forstillinga, og Kjell Gunnar Polden tok kontakt med Veidekke som har vedlikeheldet på Todalsvegen.  Dei tok hansken og Ola Svinsås frå Veidekke kom på direkten for å fylle att holet med reparasjonsmasse.


Kårvatn Skyrace 2023 – rekordpåmelding til laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 18. august 2023

Med rundt hundre påmeldte ser det ut til å bli rekordarta deltaking i Kårvatn Skyrace som går av stabelen komande laurdag.  I skrivende stund er det 97 som er påmeldt, og det er skikkeleg rekord seier Gudmund Kårvatn til Todalen.no.  Vêrgudane er så absolutt samarbeidsvillige, og med eit par dagers sol og tørke no så blir det prima forhold i fjellet.  Det skal konkurrerast i 6 forskjellige klassar med konkurranse og trim, og hovedløpet som går over 29 km har fått over 40 deltakarar i år.  Dermed er det duka til kamp om medaljene på Kårvatn.



Laksefisket i Toåa – eit år på det jamne

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. august 2023

Tysdag 15. august var siste dag for laks- og aurefisket i Toåa i år.  Det vart eit år på det jamne, dersom vi ser dei 3 siste åra i samanheng. Det gjeld både talet på fanga laks, snittvekt og størrelse.  Historisk sett er det eigentleg 3 forholdsvis svake år, der både pandemien og prøveordninga med […]


Finale for fastnettet til telefonen

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. august 2023

Det er mange år sia dei siste elektroniske signala vart sent gjennom fastnettet til det ein gong var Televerket.  Framtida er trådløs, og i dag er det berre trådløse tenester som har overlevd.  No er det på tide å demontere alle kablar og pålar som har vore i teneste på hundrevis av år.  Denne veka starta Trondheimsfirmaet BN Entreprenør med demontering av kablar og telefonpåla. Det er Tor Edvin Vik og Stig Sandblåst som har fått denne jobben for BN Entreprenør. 


Høgre kjem på Todalsvisitt

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. august 2023

Valkampen er i full gang, og vi kan mesta dagleg lesa om politiske parti som i tur og orden har stand utafor butikkane rund om i kommunen.  Denne gomgen er det Høgre som kjem til Todalen for å ha stand utafor Matkroken i Todalen.  Det skjer torsdag 17. augus frå kl 16:00 og utover.