Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Val 2023 – bruk stemmeretten din!

Jon Olav Ørsal Måndag 11. september 2023

Frå klokka 12:00 og fram til kl 20:00 i dag er vallokala opne.  For Todalen sin del så foregår valet i Sanitetshuset.  Her finn du kommune- og fylkestingvalet i møtelokala, medan kyrkjevalet er lokalisert til kjøkkenet – og med låst dør i mellom.

Anders Halset puttar stemmesedlane i valurna – Frå venstre Karit Halle, Ingrunn Torvik, Elinor Bolme og Jo Gjeldnes kontrollerer at det går rett føre seg. Foto Jon Olav Ørsal

I Todalen krins er det denne gongen 250 stemmeberettiga, og kontrollørane oppfordra til at flest muleg skal brukke stemmeretten sin.  Av dei 250 som er stemmeberettiga er det tilsaman 38 som har nytta høvet til å førehandsstemme, det utgjer 15% – for heile kommunen ligg denne prosentsatsen normalt på rundt 30%.  

Likevel er det grunn til å tru at ein ved Todalen krins får ei bra valdeltaking, basert på historikken.  Sist det var kommune- og fylkestingval (i 2019) var det ein frammøteprosen på 78 i Todalen, og det har alt no i 15-tida vore ein jamn straum til stemmelokala. 

Kyrkjevalet foregikk på kjøkkenet i Sanitetshuset – kontrollørar var John Moe og Kristian Gjeldnes.  Foto Jon Olav Ørsal

Også sokneråds- og kyrkjevalet har hatt bra tilstrøyming, samtidig som det også er mange som har nytta høvet til å stemme digitalt denne gongen. 

Spennande blir det i alle fall å sjå og høyre resultatet.  Teljarteamet startar jobben straks vallokala stenger kl 20:00 i kveld, og da reknar vi med at resultatet av kommunevalet er klart rundt midnatt – medan det utpå tysdagen også blir klart kven av representantane som får seg ein taburett i det nye kommunestyret.  

Publisert: 11. september 2023, 14:29